Hol i hjertet

Eg har omsider fått sett nokre episoder av den populære serien «This Is Us». Det er ei tåreperse av dimensjonar. Serien trykker liksom på alle dei rette knappane. Og det har ført til at tankane har surra rundt kvifor det er slik. Dei aller fleste av dei eg kjenner som har sett denne serien opplever det nemlig på samme måte.

Eg trur hovedgrunnen er at vi kjenner oss igjen, på ulike måtar. Vi kjenner oss igjen i å ikkje mestre ting, eller korleis ord og handling kan såre. Vi kjenner igjen mønster i søskenflokken eller kjensla av å vere annleis. Vi kjenner oss igjen i sakn og mangel på tryggleik – og kompensasjon for det. Det er mange ting som gjer at den historia som blir fortalt går rett inn hos oss.

IMG_7175

For å seie det på ein annan måte, det handlar om hola vi har i hjertet.

Eg trur vi alle har store og små hol i hjertet. Ja, no snakkar eg jo sjølvsagt ikkje om det fysiske hjertet. Men i det emosjonelle hjertet.

Eit hol i hjertet trur eg alltid har utgangspunkt i kjærleik. Eg trur det startar der. Holet begynner allereie når du har begynt å elske. Berre som eit merke. Responsen på din kjærleik avgjer kor djupt det blir. Blir det kun eit ønske om å vere elska. Eller blir det ei visshet om å vere elska.

IMG_1744

Ønsket om å vere elska er nok det som kan føre til dei styggaste hola. Dei vonde hola. Når det ikkje blir til visshet. Det kan bli nokre veldig skarpe kantar på dei hola. Hol der du vart holdt utenfor. Hol der du vart oversett. Hol der du vart trakka på. Hol der du opplevde mobbing eller trakassering. Hol som desse kan fort bli som ormebol fulle av gift. Sinne, frustrasjon og alle dei vonde kjenslene kan ligge der og ulme. Kanskje har ein prøvd å pynte på dei, spadd på litt falsk optimisme og konstruert sjølvtillit. Men det kollapser fort om ein ikkje har tatt tak i det som ligg i botnen av holet. Og kan komme ut når ein minst ventar det, og skape nye, større og vondare hol.

IMG_5092

Hola som er skapt på grunn av at ein veit at ein er elska, kan og lett bli store. Dei kan bli vanskelige å fylle. Likevel har dei ofte noko solid og godt på botnen. Noko som gjer dei enklare å leve med. Noko som fører til at dei kan bli vakre rom, meir enn hol med skarpe kantar. Det kan rett og slett bli gode hol.

IMG_5410

 

22. februar 1985 døydde morfaren min. Det var starten på 3 tøffe år. Eg mista alle besteforeldrene mine og ei grandtante dei åra. Det skapte store hol. Min idylliske og problemfrie tilværelse fekk eit drag av sorg over seg. Eg var alltid trygg på at eg var elska heime. Eg visste at mine besteforeldre elska meg minst like mykje som eg elska dei.  Og plutselig var dei borte. Framleis kan eg kjenne på saknet etter desse fantastiske menneska som eg var heldig nok til å få ha i over 8 år i livet mitt.

IMG_1250

Når døden kjem, så må vi kjenne på det vanskelige i livet. Vi kjem ikkje vekk frå det. Det som var vil ikkje bli slik igjen. Det er smerte, det er rått og det er ubegripelig. Men etter ei stund så normaliserer det seg. Kvardagen kjem. Vi går vidare på vegen vår. Men saknet er der. Kanskje ikkje like sterkt som den første tida. Kanskje ikkje like vondt. Men det er der. Og litt etter litt så finn minnene sin plass i holet, og gjer det mjukare, vakrere og til ein bedre plass å gå enn det var den første tida.

Men det er ikkje berre døden som skaper dei gode hola i hjertet. Avstand gjer det og. Foreldre som må sjå barna går på eiga hand ut i verda. Studenten som er langt heimefra og som kjenner saknet etter søndagsettermiddag i regnet heime hos mor og far. Tante som reiser til Amerika for å jakte på draumar, og som kjenner at ho får sett for lite av tantebarn og anna familie. Gode venner som flytter, eller berre tenkt på kjensla du har når du kjem heim til deg sjølv etter å ha tilbrakt kvelden med gode venner og god stemning – hjertedøra står på vidt gap. Og ikkje minst, kjærestar som må leve i avstandsforhold kjenner nok ekstra på korleis hola i hjertet kan vere.

IMG_8662

Det som er felles for den gode typen hol er at dei altså er der på grunn av noko godt. Det gjer ikkje saknet mindre. Det gjer det ikkje mindre krevande å leve med. Men det er likevel godt.

Livet gjer at vi må handtere våre små og store hol i hjertet. Nokre gonger kjennes det håplaust vanskelig ut. Andre gonger veit vi at vi vil greie det. I Bibelen står det at vi skal ta vare på hjertet vårt, for livet går ut frå det. Eg trur det er rett. Eg trur vi må ta vare på hjertet vårt, både det fysiske og det emosjonelle. Eg trur det er viktig å jobbe med dei vonde hola, skvise ut gift og jage ut slanger og anna styggedom som vil bu der. Først då kan vi få begynne å fylle opp i dei med ekte varer, som trygghet på at ein er god nok, og kantane kan bli slipte på ekte sjølvtillit. Og ein kan la dei som ikkje ville elske fare. Dei er ikkje verd å bruke livet sitt på.

IMG_4840

Og dei gode hola – dei må få bli godt behandla dei og. Dei må få fylles av det gode som er der. Og ikkje bli fylt med bitterhet over det som ikkje vart. Det er nemlig slik at du kan aldri elske dersom du vil unngå hol i hjertet.

IMG_0057

I dag sang eg ein sang på gudstjenesten, som eg skal synge på ein kabaret neste laurdag. Den heiter Sangen om gleden, og er skrive av Erik Hillestad og Sigvart Dagsland. Eg syns den oppsummerer så fint kvifor vi må leve med hol i hjertet.

Du som ber om dager uten sorg,
du som sanker lyst og glede
for å holde smerten nede,
du som jager etter vind

Du som tror du vokser uten tap,
du som aldri tar en sjanse,
Men må holde dødens skanse,
mens din livslyst tørker inn;

Alt som kan gi glede
har ein spire te et savn…

La solen seile over himmelen,
på slep er alltid natta med.
Om glede snart må vike plass for sorg,
er begge frukt av samme store tre.

Du som vil ha nærhet uten sår,
du som stenger alle dører
når en rusten kant berører
dine lengslers ømme hud;

Lykken kan du bare høste der
kor smerten gror…

La solen seile over himmelen,
snart følger mørket på fra øst.
Om glede da må vike plass for sorg,
er begge frukt av samme store høst.

Du som trur at himmelen blir te
I dit eige skjøre hjerte,
uten gråt og fødselssmerte,
må ha glømt ka glede e.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s