Stillhet

Stillhet. Smak på ordet. Kva gjer det med deg? Gjer det deg ukomfortabel? Kjenner du stressnivået stige? Vil du berre synke ned i det? Kjenner du på lengsel?

DSC_0487

Laurdag fulgte eg med på March for Your Life-demonstrasjonane her til lands. Ein av dei mange dyktige og unge talarane var Emma González. I 4 minutt og 25 sekund stod ho heilt stille foran massene. Til å begynne med stod alle stille.. Men så begynte klappinga. Uroa. Det stilna igjen. Ho stod der. Såg utover. Sa ingenting. Ny runde med klapping. Hoiing. Støtterop. Ny stille. Sekunda snirkla seg av gårde. Mengda var prega av usikkerhet. Litt uro. Nokre gret. Nei, mange gret. Sakte forstod sikkert fleire kva som skjedde. Så gjekk alarmen av – og ho viste at ho hadde full kontroll på kva ho dreiv med. Vi var vitne til ei pedagogisk perle. Ho hadde illustrert på ein mektig måten kor lang tid det tok å vere inne på Marjory Stoneman Douglas High School i Parkland når skyttaren gikk laus. Alle fekk gjennom å sjå henne stå på scena fått kjenne på uroen over å ikkje vite kva som skjedde. Og ho gjorde det heilt enkelt med å vere stille.

Stillheta kan i grunnen ikkje samanliknast med ein situasjon der ein galning med AR-15 som går rundt i gangane og skyt. Men samtidig som geniale Emma González ga oss ei lekse i kor lenge det er å vere i usikkerheten, så viste ho også noko om vårt forhold til stillhet.

IMG_3458

I ein kvardag som er prega av at ting stadig går fortere. Der datamaskina med internett-tilgang ligg i lomma vår. Der telefonen aldri er stille. Der nyhetsstraumen aldri stoppar. Der krava om måloppnåelse blir stadig større. Der det er fotballtrening og barnekor og all verdens aktiviteter som må inn i kalenderen for både voksne og barn. Der det er avtaler i nord og sør, aust og vest. Der det er Netflix og HBO til å fylle tida med, slik at ein ikkje kjeder seg. Der vi jager etter likes og den perfekte selfie. Der det alltid er nokon som er vakne i ei anna tidssone. Der hamsterhjulet aldri sluttar å spinne..

IMG_2773

Kvar vart det av stillheten?

Den er ikkje så daglegdags og naturlig som den burde vere i mitt liv. Må den tvingast fram? Eller greier eg å velge den? Vil eg velge den? Er det rom for stillhet i mitt liv? Kanskje er det berre eg som har det problemet? Eg veit ikkje. Men eg veit at stillheten gjer noko med ein. Den skaper rom. Rom for kjensler. Rom for ettertanke. Rom for å berre vere. Rom for kvile.

Få ting eg har gjort i livet har vore så unaturlig for meg som å vere på retreat. Vi hadde soner der vi fekk prate. Men det meste av området var stille. I fleire dagar var eg der. Det er noko av det mest utfordrande eg har gjort. Og noko av det mest lærerike.

IMG_1447.JPG

Der var ingen TV. Eg hadde ikkje nett. Mobilen måtte ligge på rommet. Eg var rimelig stressa første dagen. Litt mindre dag nummer to. Etter kvart vart det bedre å vere der. Eg er nok ikkje skapt for lange retreater. Men eg hugsar at dag tre kvilte eg. Eg stressa ikkje. Eg berre var der. Midt i mitt eige vesle liv. Eg senka skuldrene og var berre meg.

Eg kjenner meg sjølv igjen så veldig godt i publikum som stod og høyrde på tala til Emma González. Nok no. Stille lenge nok no. Sei noko! NO! Stillheta er litt skummel. Etterkvart som vi går inn i den må vi kjenne på kva som egentlig rører seg i oss.

dav

Veka vi er i no kallar vi i kyrkja «den stille veka».  Dette er fordi ein i følge tradisjonen ikkje skulle ringe med kyrkjeklokkene – eller ein brukte dempar på dei i denne veka. I kyrkja handler denne veka om dei virkelig store temaene. Om svik. Om smerte. Om død. Om kjærleik. Om liv. Om tilgivelse. Om oppreising.

Kanskje kan nettopp denne veka vere ei god tid å øve seg litt på å vere stille?

IMG_4912

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s