Eg har gått ein lang tur i dag. Og tenkt. Eg har tenkt på Jesus.
Det er kanskje naturlig å tenke litt på han no før påske. Eg trur nemlig på Jesus. Eg trur han er meir enn en fyr som gikk omkring på jorda for ca. 2000 år sia. Eg trur han er verdens frelser. Og det er fullstendig ulogisk for meg korleis ting heng ihop. Men eg trur på det likevel.
Men det er egentlig dei som trur på dette som eg har tenkt mest på. Dei av oss som seier vi trur han var den han sa han var. Dei av oss som har han som forbilde. Eller i allefall seier at vi har det…
Sia 2004 har eg jobba på kristne arbeidsplassar. I misjonen, i kyrkja, i Sjømannskyrkja. Før det jobba eg utanfor slikt. Og eg må ærlig talt seie at det var eit sjokk å komme frå det frie marked og til misjonen. Hadde eg visst kor mykje konflikter som fekk vokse seg store innanfor kristne arbeidsplassar så hadde eg nok tenkt meg om minst ein gong ekstra før eg utdanna meg til å jobbe der. Det er generelt mykje konfliktstoff i kristne samanhengar, både menigheter i mellom, men og innad i menigheter.
Eg har fundert mykje på kvifor det er slik. Lenge trudde eg teorien om at det var kristen snillisme. At vi mistolka å elske kvarandre med å ikkje vere uenig. Så blei det meir at det angår hjertesaka vår – og derfor blir det veldig sårt når andre er uenig.. Eg trur ofte at det kan vere ein kombinasjon av desse to.
Men dei siste 10 åra har eg endra meg mykje. Teologien min har blitt endra – eg har lært meir, eg har landa på spørsmål som har vore vanskelige, eg har funne kvile i at eg ikkje forstår alt. Og dei siste vekene sin politisk debatt i Norge har kasta lys over det som har kome frå enkelte frå kristne miljø dei siste åra.
Eg skal vere ærlig. Det er sant som eg sa i forrige blogginnlegg. Det skremmer meg å sjå utviklinga i den norske befolkninga. Men det skremmer meg endå meir å sjå dei haldningane som mange av mine kristne venner støttar og nører opp under.
Det har fått meg til å tenke på dette konflikt-landskapet som kristne fort bygger opp. Og eg lurer på om det handler om eit verdensbilde som rett og slett krasjer med virkeligheten. Når dei to møtes, så blir det fullt kaos. Og så må det eine vinne. Og eg trur ofte prøver ein febrilsk å halde på verdensbildet ein har laga seg. Ein vil jo ikkje ta feil. Og kva om trua knuses om dette bildet blir knust?
Eg har blogga om det tidligare. Om korleis det i mange kristne samanhengar kan bygge mykje på følelsar. Følelsar er heilt greit det. Det er ein del av vår natur. Men når trua di blir avhengig av siste innsprøyting av følelsen av å vere kristen – så blir det litt som å vere avhengig av å vere nyforelska heile tida. I mange sammenhenger eg har vore har lyssetting, språk og musikk vore forsterkende faktorar for å finne ei stemning. Slik at folk skal finne følelsen… som vi gjerne skuldar Den Heilage Ande for å skape. (NB! Eg trur Den Heilage Ande kan vere der, altså – men eg trur ikkje det alltid er den gode følelsen vi luller oss inn med som er Den Heilage Ande sitt verk)
Det er litt som å ha en date med kjæresten etter eit par år der lyssetting, språk og musikk er med å gjenskape settingen som var heilt i starten, då alt var nytt og spennande. Det kan fort fungere kjempebra der og då. Men så kjem neste morgen, og kvardagen tar deg. Orda blir ikkje like velformulerte, lyset avslører både gråe hår og nye rynker og musikken uteblir – og har ein ikkje meir fundament enn følelsen som ein hadde i starten av forholdet, og som ein gjenskapte i går kveld, å bygge på, så kan det fort gå både på hovudet og ræva.
Ein del av meg lengtar etter Liv-Helga som kunne stå med løfta hender på lovsangsmøte. Eg var ærlig og oppriktig heilt oppslukt i det. Eg henga meg i stemninga. Eg følte meg oppløfta og oppglødd. Eg snakka om at eg var så spent på kva Gud ville gjere i livet mitt.
Men eg trur eg er ein bedre versjon i dag. For i dag har eg gått gjennom nokre smertefulle erfaringar. Eg jager ikkje etter følelsen, men streber etter å vere god mot andre. Eg skulle ønske eg lukkast bedre med det, men eg prøver i alle fall. Eg føler ofte at eg ikkje har heilt mål og meining, men i ettertid kan eg sjå at nokon, som er større og har bedre oversikt enn meg, hadde ein finger med i spelet.
Eg har slutta å skulle forstå alt og åndeliggjere alt. Av og til skjer ting som det ikkje finnes meining med. Men eg trur at Gud vil bere heile min verden når alt raknar. Uavhengig av meg. Og nettopp der har det verdensbildet eg hadde skapt meg – eller som kanskje andre hadde skapt for meg – blitt knust i fillebiter. For det møtte ei virkelighet som eg ikkje fikk til å gå opp med det eg hadde lært. Og for meg, realisten Liv-Helga, så vant virkeligheten. Og eg måtte søke sanninga på nytt. Eg måtte finne ut kven Jesus var på nytt.
Så kven var den Jesus eg fann?
Han var født under omstendigheter som definitivt ikkje levde opp til en kongelig standard. (Luk.2)
Han var flyktning.(Matt.2)
Det står to ganger om at han vart sint. Den eine gongen var då læresveinane nekta borna å komme til han. Den andre gongen raste han over markedskreftene som hadde tatt over tempelplassen, og prøvde å gjere pengar på dei som ville tilbe Gud. (Mark 10, Matt.21)
Han var emosjonell. Han gret. Han var opprørt. Han var glad. (F.eks.Joh.11)
Han var glad i god mat og drikke. (Matt.11)
Han irettesatte dei som var rundt han når dei drog med seg gammalt tankegods. (Luk.6)
Han var lærar. Og trossa meir enn gjerne fysikken sine lover. (Eg greier ikkje å velge. Les evangelia 🙂 )
Han løfta opp dei svake og ga dei som var utenfor ein ny sjanse. (Joh.8)
Han refsa dei som trykte andre ned. (Matt.12)
Han var utradisjonell, rebell og i opposisjon mot alle som trudde dei var bedre eller meir verd. (Luk.18)
Han var uredd i møte med dei som ville skade han. (Luk.6)
Han var ikkje redd for å bli gjort narr av. (Luk.8)
Han hadde tid. (Matt.5)
Han visste kva han stod for – og var ikkje redd for å møte menneske som var uening med han. (Matt.6)
Han såg enkeltmenneskene bak fasadene dei hadde bygd. (Joh.4)
Han levde det han talte. Han holdt ikkje flammende taler om kor farlige andre er, om korleis dei kan ta plassen vår – men han gjekk på besøk til kjeltringer som han visste trengte omsorg for å få snu om på livet sitt. (Luk.19)
Han fortalte oss korleis vi skal leve for å ha eit bra liv her, og eit evig liv. Og merkelig nok innebar det ikkje å tjene seg søkkrik eller ha mist to ferier i året. (Luk.10, Joh.3)
Han viste i praksis at alle menneske har ein uendelig verdi. Sjølv om dei er av ei annan etnisitet. Enten dei er jøder eller palestinere. (Luk.10)
Og nettopp det er det eg finn mest framtredende hos Jesus: Menneskene han møter er det viktigste for han – ikkje teologien. (Joh.8)
Og til slutt: Han ga alt. (Joh.3:16)
Jo, Jesus er mitt store forbilde. Eg håpar at eg kan bli litt likere han kvar dag. Men eg har ein lang vei å gå. Faktisk trur eg det blir eit prosjekt som tek resten av livet. Og inntil då må eg leve i virkeligheten, med eit knust og litt annerledes sammensatt verdensbilde og gudsbilde enn eg hadde for 10 år sidan – der eg med alle mine feil og mangler får kvile i nåden.