Dama som var så god på kommunikasjon

Eg har hatt veldig travle tider i det siste. Lange dagar. Hektiske dagar. Innhaldsmetta dagar. Korte netter har det også blitt. Og ingen blogginnlegg, til tross for at eg har noko på hjertet.

IMG_0470

Det har skjedd mykje i det siste som har fått meg til å tenke på kommunikasjon. Eller korleis vi kommuniserer med og til kvarandre. Eg skal vere den fyrste til å innrømme at eg ofte slit med å få kommunisert kva eg meiner. Nokre gonger handlar det om at måten eg tenker på er annleis enn den måten mottaker av melding tenker. Nokre gonger finn eg rett og slett ikkje rette orda. Og nokre gonger, særlig i stressa situasjoner, kan kroppsspråket mitt stå i vegen for det eg faktisk seier. (og faktisk meiner.) Eg kan bli så uhyre fokusert at eg virkar mykje meir avvisande og kort enn eg egentlig vil vere. Eg er klar over det, så det er noko eg jobbar med jamnt og trutt. Nokre gonger lykkast eg, andre gonger går det rett på ræva.

IMG_0628

Eg er ingen ekspert på kommunikasjon. Eg berre likar å kommunisere og vere i lag med andre menneske. Dei siste vekene har det derimot storma rundt ei dame som skal vere ekspert på kommunikasjon. Ei som veit kva ho gjer når ho skriv på facebook og kommuniserer i andre kanalar. Ja, kan du lese det eg skriv no, så har du sannsynligvis ei aning om kven eg siktar til. Sylvi Listhaug.

Ho er så god på kommunikasjon at ho greidde å karre til seg ein ministerpost etter forrige stortingsval. Etter det siste også. Justis-, beredskaps- og innvandringsminister heiter det ho no er. Gang på gang har ho vist at ho ikkje er på dei svake si side, både med uttalelser og handlingar. Det var sært å sitte i USA, sjå amerikansk tv, og sjå nyhetene om den norske ministeren som duppa seg i knalloransje flytedrakt i Middelhavet – og høyre at ho faktisk trudde ho fekk innblikk i kva det vil seie å flykte frå alt du eig og legge ut på ope hav i ein overfylt båt. At ho med å gjere dette kunne «erfare» korleis det er å vere så desperat at du faktisk vel å reise farligste veg med stor fare for eige liv i håp om at noko bedre kan vente på andre sida.

IMG_2035

Gong på gong har ho gått over grensene. Ho har vist tydelig at ho ikkje er på innvandrarane si side. Eller rettere sagt: Ho er ikkje på flyktningane si side. Ho har dessverre fått mange supportarar. Særleg dei som hyler høgt om norske verdiar og korleis vi må passe på at ingen kjem og tek frå oss godene. Dei som trur at om du har ein annen hudfarge enn kvit, så er du berre i Norge for å utnytte systemet. Dei som skuldar på alle andre for alt som er feil i liva deira.

IMG_20171015_160620.jpg

Korset rundt halset har ho alltid synlig. Eg lurer mange gonger på om ho har det der fordi det gjev ho innpass hos ein viss del av befolkinga. Eller om ho har ein annen Bibel enn den eg har. For det ho står for er så fjernt som overhode mulig frå den bodskapen eg finn i Bibelen. Ofte får ho meg til å tenkte på Matteus 25.

For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel , og de vitja meg. (Matt.25:35-36)

For nokre veker sidan gjekk politiet til aksjon mot ei afghansk familie som hadde søkt tilflukt på eit bedehus på Fitjar. Det er å rekne som eit gudshus, altså sat familien i kyrkjeasyl. Ho nekta å uttale seg om aksjonen. I staden kritiserer ho kyrkja og andre menigheter for å ta vare på dei som i desperasjon søker asyl etter å ha fått avslag på søknaden sin.

For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg. (Matt. 25:42-43)

IMG_3958

«Men du kan ikkje komme til Norge og ta velferden frå oss. Du kan jo vere terrorist som berre lurer oss. Ja, faktisk er det mest sannsynlig at du har reist verdens farligste reise berre for å få tak i velferdspengene våre. Eg vil helst kunne ta frå deg alle rettigheter uten at rettssystemet skal få vurdere din versjon av historia. For det tek for lang tid, og for mykje pengar, å gi deg mulighet til å bevise at du ikkje er den eg trur du er.»

Ja, slik er det eg høyrer det ho seier. Ho som er så god på kommunikasjon. Ho seier det gong på gong på gong. Det sluttar ikkje å vere undertonen idet ho seier. Eg trur ho oppriktig trur at landet er i fare om menneske som ikkje er like kvite i huda som ho, eller deler hennar religiøse overbevisning, får lov å vere ein del av det norske samfunnet.

cof

Og så kom dråpen. Facebook-innlegget som viste bilde av medlemmer av ei terroristgruppe i Somalia og som angrip Arbeiderpartiet. På samme dag som filmen om Utøya kom ut valgte ho å legge det ut. Ho la det nok ut fordi ho var sint og frustrert over at stortingsfleirtalet var i mot hennar kampsak om at staten kan ta frå fremandkrigarar statsborgarskap utan å vere vurdert i rettssystemet.

Det er godt mulig at ho ikkje var så bevisst på sammentreffet med filmen og hennar post. Men hatet i posten er ikkje til å ta feil av. Ho visste utmerket godt kva ho ville kommunisere, og det var det ho kommuniserte. Ein med hennar bakgrunn frå PR-verdenen veit utmerket godt kva dei gjer når dei går ut med ein så hatefullt og injurierande bodskap. Og ho har kome unna med liknande uttaleser så mange gonger at ho hadde nok ikkje trudd at det skulle lage så mykje rabalder.

selfp

Og så skulle unnskyldninga komme. 4 gonger måtte ho, som er ekspert på kommunikasjon, fram for å uttrykke ei unnskyldning som hadde brukbar ordlyd. Då har du enten ikkje forstått kva du skal be om unnskyldning for, eller du meiner egentlig ikkje unnskyldninga. Eg trur ho er smart, så eg trur mest på det siste. At dette er noko ho egentlig ikkje angrar på å ha gjort. At ho vil at folk skal sitte igjen med at Arbeiderpartiet egentlig ikkje vil at det norske folk skal vere trygge. Hadde ho ynskt noko anna, så hadde ho fjerna posten på første reaksjon. Men ho måtte truast med bilderettigheter før den forsvann.

At nokon med slike haldningar kan holde ein ministerpost av ei slik tyngde syns eg er skremmande. Men det som er endå meir skremmande er å sjå på fan-skaren hennar. Og det som er endå meir skremmande enn det er at folk eg anser som oppegåande, kan poste ytringer som gjev Jonas Gahr Støre det glatte lag og framstiller Sylvi Listhaug som offeret.

IMG_3398-2

Du må gjerne vere uenig med Arbeiderpartiet. Det er ikkje poenget mitt her. Du må gjerne mislike Jonas. Det er andre parti å stemme på. Det er andre partiledere som er bra folk. Men tenk deg om to gonger før du ukritisk liker og deler. Tenk gjennom kva som egentlig blir sagt og er saka. Tenk gjennom kva som blir kommunisert.

Ein av facebookpostene eg har sett har i innledninga utsagn om at vedkommande som har skrive det ikkje har sett seg inn i kva Listhaug har sagt og gjort. Og så fortset han med  ei lang utgreiing om at han støttar Listhaug på å svekke rettssikkerheten til innvandrere i Norge, og at Jonas Gahr Støre skuldar Utøya-offera ei unnskyldning for å ha blanda Utøya inn i dette. I følge han er det einaste gale Listhaug har gjort å poste eit bilde ho ikkje hadde rettighetene til.

edf

Over 3200 har reagert på innlegget. Nokre har påpeika faktafeil i innlegget. Over 2000 har delt det. Eit innlegg der forfattaren ikkje ser korleis det er ein samanheng når du beskylder nokon som har vore utsatt for terrorisme for å vere på terroristen si side. Eit innlegg som uttrykker at skattepengane kan brukast til noko betre enn å sikre rettssikkerheten til innvandrere i Norge. PST påstår at om regjeringa hadde fått igjennom eit slik lovforslag, så hadde det handla om 5-10 personer. Muligheten for at det hadde ramma fleire anser eg som svært sannsynlig. Eg vil heller at mine skattepenger skal brukast til å gje folk ein rettferdig behandling, dersom det kan beskytte den eine som blir uskyldig anklaga.

Eg er ikkje for at folk som er dømde for krigsforbrytelser skal få opphold i Norge. Eg er absolutt glad i landet mitt, og vil ikkje at riket si sikkerhet skal svekkast. Men eg er opptatt av at alle skal få ein rettferdig behandling. Og etter mitt syn vil riket si sikkerhet blir svekka dersom vi lar byråkrater gjere jobben til rettssystemet.

edf

Men dette handla om kommunikasjon. Om kva vi kommuniserer. Eg er rimelig overtydelig på kva eg tenker om det Listhaug har gjort. Det er kanskje ikkje heilt snilt. Men eg måtte berre få sagt henne imot. Eg kjenner ikkje henne personlig. Så det er veldig godt mulig at ho er ei trivelig dame å ta ein kaffe med. Eg tvilar ikkje på at ho er ei god kone og mor, at ho er ei god venninne og eit heilt normalt menneske på privaten. Men holdningene og meiningane hennar deler eg ikkje. Ho sprer frykt og nører opp under hat med det ho seier. Og det ho kommuniserer, og som ho veit at ho kommuniserer så inderlig vel, det kan eg ikkje la stå uimotsagt.

Eg ser det litt frå utsida her eg sit i California og følger debatten i Norge. Det skremmer meg å sjå kor lite opplyste folk er. Det skremmer meg å sjå kor lette vi er å manipulere. Det skremmer meg å sjå at så mange i 2018, i eit samfunn som burde vere van til menneske frå alle mulige kulturar, framleis er så redd for dei som er ulike seg sjølv. Det skremmer meg at så mange trur på bodskapen som Sylvi Listhaug står for. Og det skremmer meg at så mange ytrer seg negativt om menneske med anna tru og etnisitet – men påstår at dei ikkje er rasister. Nei, dei tenkte nok ikkje slik om seg sjølv nazistane heller. Dei trudde jo berre dei var bedre enn andre fordi dei var født inn i ein rase. Og dei var kanskje resultat av at dei slukte rått propagandaen som fortalde dei kor umenneskelig fæle jødar og andre ikkje-ariske var.

mde

Kommunikasjon er vanskelig. Det er ein kunst å få uttrykt kva du vil kommunisere. Sylvi Listhaug er god til det. Det skal ho ha. Og så er spørsmålet om du som mottaker av hennar bodskap vil sluke den rått, eller om du vil stoppe opp og gå nokre ekstra runder før du liker og deler.

Arnulf Øverland skreiv eit dikt i 1937. Eg tenker det er like aktuelt i dag som då.

DU MÅ IKKE SOVE

Jeg våknet en natt av en underlig drøm
det var som en stemme talte til meg
fjern som en underjordisk strøm-
og jeg reiste meg opp: Hva er det du vil meg?

– Du må ikke sove! Du må ikke sove.
Du må ikke tro at du bare har drømt
I går ble jeg dømt
I natt reiste de skafottet i gården
De henter meg klokken fem i morgen

Hele kjelleren her er full
og alle kaserner har kjeller ved kjeller
Vi ligger og venter i stenkalde celler
Vi ligger og råtner i mørke hull!

Vi vet ikke selv hva vi ligger og venter
og hvem der kan bli den neste de henter
Vi stønner vi skriker – men kan dere høre?
Kan dere absolutt ingen ting gjøre?

Ingen får se oss
Ingen får vite hva der skal skje oss
Ennu mer:
Ingen kan tro hva her daglig skjer
Du mener det kan ikke være sant
så onde kan da ikke mennesker være
Der fins da vel skikkelige folk i blant?
Bror, du har ennu meget å lære!

Man sa: Du skal gi ditt liv om det kreves
Og nu har vi gitt det – forgjeves, forgjeves
Verden har glemt oss! Vi er bedratt!
Du må ikke sove mer i natt!

Du må ikke gå til ditt kjøpmannskap
og tenke på hva der gir vinning og tap!
Du må ikke skylde på åker og fe
og at du har mer enn nok med det!
Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer deg selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme
Du har ikke lov å gå der og glemme!

Tilgi dem ikke, de vet hva de gjør!
De puster på hatets og ondskapens glør!
De liker å drepe, de frydes ved jammer,
de ønsker å se vår verden i flammer!
De ønsker å drukne oss alle i blod!
Tror du det ikke? Du vet det jo!

Du vet jo at skolebarn er soldater
som stimer med sang over torg og gater
og oppglødd av mødrenes fromme svik
vil verge sitt land og gå i krig

Du kjenner det nedrige folkebedrag
med heltemot og med tro og ære-
du vet at en helt, det vil barnet være,
du vet han vil vifte med sabel og flagg!

Og så skal han ut i en skur av stål
og henge igjen i en piggtrådvase
og råtne for Hitlers ariske rase!
Du vet det er menneskets mening og mål!

Jeg skjønte det ikke. Nu er det for sent.
Min dom er rettferdig. Min straff er fortjent
Jeg trodde på fremgang, jeg trodde på fred
på arbeid, på samhold, på kjærlighet!
Men den som ikke vil dø i en flokk
får prøve alene, på bøddelens blokk!

Jeg roper i mørket- å, kunne du høre
Det er en eneste ting å gjøre:
Verg deg, men du har frie hender!
Frels dine barn! Europa brenner!

Jeg skaket av frost. Jeg fikk på meg klær
Ute var glitrende stjernevær
Bare en ulmende stripe i øst
varslet det samme som drømmens røst:

Dagen bakenom jordens rand
steg med et skjær av blod og brann
steg med en angst så åndeløs
at det var som om selve stjernene frøs!

Jeg tenkte: Nu er det noe som hender.-
Vår tid er forbi – Europa brenner!

IMG_2484

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s