#NoMoreMeToo

Tenk om vi hadde levd i ei verd der MeToo-emneknaggen ikkje hadde vore nødvendig!

cof

Det har i dei siste månadane dukka opp jevnlig i samtaler og i nyhetsbildet. Stadig fleire menn med makt har vorte «tatt med buksene nede».. Og den eine etter den andre blir vippa av den grøne greina si, og landar fint i skithaugen dei har laga seg under.. (Vel, det er dessverre nokre unntak. Nokre som later som det aldri har skjedd ser ut til å komme unna med det..sjølv om det er på tape.)

IMG_0686

Eg har tenkt masse på kva som gjer at desse mennene har tenkt at det er greit å gjere som dei har gjort. Og uten at eg unnskylder dei for det dei har gjort, så trur eg at det finnes nokre element som ligg i bunnen for forståing av dette.

Eg kjenner så vidt eg veit ingen damer over 25 som ikkje på eit eller anna tidspunkt har opplevd ei tilnærming frå ein mann som har vore ubehagelig. Der mannen har gått over grenser som har ikkje skal gå over. Grensa er hårfin på kva som er greit og kva som ikkje er greit.

IMG_2768

 

Av og til er det jo berre feilslått sjekking.. og mange av oss tenker ikkje på det som ei stor greie om det er forholdsvis uskyldig. Nokre gonger er det ein spøk som går for langt. Og eg har sjølv erfart kor vanskelig det er når ein trur nokon er med på moroa, og så har det berre vore vanskelig for dei. Det var jo ingen vonde intensjoner bak. Og eg fekk kjenne på kor viktig det var å be om unnskyldning for det eg hadde gjort gale. Og å faktisk få tilgivelse. Eg var veldig ung, og lærte mykje den gangen.

mde

Mange episoder er forholdsvis uskuldige. Og dersom folk forstår at det dei gjorde ikkje var ok, er oppriktig lei seg for det dei har gjort, og det ikkje er ei straffbar handling kan dei fleste legge det bak seg uten store skader. Men kor går grensa på uskyldig og mindre uskyldig? Kor kjem tanken om at menn kan ta seg fore uten godkjenning? Kor kjem tanken om at menn er store og sterke og skal ta føringa, medan kvinnene skal spele litt uoppnåelige – berre for spelet si skuld?

edf

Neste gang du høyrer den «morsomme» julesangen «Baby, It’s Cold Outside» høyr litt ekstra etter. Er dette etterlevninger etter ei tid då kvinner og menn var forventa å fylle eit bestemt kjønnsrollemønster? Er det ok at mannen pusher og pusher til dama endelig gir etter? Hadde den vore like festlig om situasjonen var at ein slesk fyr pressa seg på ei dame som prøvde febrilsk å komme seg unna?

edf

No trur eg jo ikkje sangen er skriven for å oppmuntre til dårlig oppførsel. Tanken er at den skal vere flørtete og lystig.  Men eg har lyst å seie dette: Grenseoverskridende atferd startar ikkje med den straffbare grenseoverskridende atferda. Den startar i det små. Ein som begår ei voldtekt starta ikkje med det. Han starta med små skritt over andre sine grenser.. og ingen stoppa han. Til å begynne med kan det ha vore skjult bak flørting og humor.. Så han har gått lenger og lenger, og plutselig var det for langt.

IMG_2675

Onsdag og fredag hadde vi ei iscenesatt lesing av ei ny engelsk oversetting av «Et dukkehjem» på Sjømannskyrkja her i San Francisco. Eit stykke som er svært dagsaktuelt. Eit stykke som var revolusjonært i si samtid, då Nora, stykket si kvinnelige hovedrolle, reiser frå mann og barn. I 1879, då det hadde premiere, var dette heilt uhørt. Gjennom heile stykket får ein sjå ein mann som anser kona si som sin eigedom, som ei skjør dukke som må behandlast deretter. Og vi får følge hennar endring, når ho innser korleis han behandlar henne. Og kanskje derfor har det blitt ståande som eit viktig kjønnspolitisk stykke i verdenslitteraturen.

oznor

Eg fekk sjå det på fredag. Og det som greip meg var korleis denne kulturen, med menn som tenker om kvinna som underlegen, som det svake kjønn, lever i beste velgående. Og korleis vi kanskje lar dei fortsette å tenke slik.

Eg har vore i dating-gamet lenge. Og eg har sett korleis ting har endra seg. Då eg var yngre var det vanlig å ta ting litt sakte – sånn et skritt om gangen. I dag er det nesten umulig å møte menn som ikkje forventer at du går til sengs med dei etter første, andre eller i alle fall tredje date. Det er eit kjøttmarked uten like der ute. Og det som har slått meg i møte med slike menn er at det virker som dei brukar å få viljen sin.

IMG_0628

I dag er alle så flyktige. Jakten på lykken handlar om eigen tilfredstillelse. Umiddelbar tilfredstillelse. Vi lever med bruk og kast. Også når det gjeld forhold. Du har alvorlig mange datingsider du kan bruke – og apper. Det er match, sukker, tinder, bumble… you name it. Lista er lang som eit vondt år. Og dei fleste single – og nokre godt gifte – er som regel å finne på fleire av dei. Eg har vore innom ein del av dei, og anbefaler ingen. Men eg fann meg no til slutt en fyr på ei av dei.. Og grunnen til at eg blei verande hos han: Han var annleis. Han ville bli kjent med meg. Han møtte meg med respekt og interesse, ei interesse for meir enn kva som befant seg under kleda mine. Han er ein sjeldent bra fyr. Sånn reint objektivt sett.. 😉

Men det har surra litt i hovudet mitt korleis mine erfaringer har vore ute på singelmarkedet etter at alle desse mennene har blitt avslørt. Og eg trur ikkje bruk og kast mentaliteten berre ligg hos mennene. Eg trur det er ein ukultur som både menn og kvinner deltar i. Men dei aller fleste kvinner er nok oppdratt til eit meir kjent kjønnsrollemønster.. med at kvinnene skal heller dere fristerinne enn den som jakter.

IMG_2135

Og oppdragelse trur eg er eit nøkkelord om vi skal endre dette. Og då er det viktig at foreldre kjem på banen. Og kanskje særlig fedrene?

Eg kjenner på at som barnlaus er det vanskelig å seie noko om barneoppdragelse. Men eg  har erfaring frå å vere barn. Eg har også sett litt av kva som funker og kva som ikkje funker rundt meg. Eg veit også at ting kan ofte bli forenkla litt for mykje og kan bli veldig sårende for dei foreldrene som gjer alt dei kan, men likevel kjenner på at dei kjem til kort. Og det trur eg er nesten alle foreldre. Derfor trur eg det er viktig at du som foreldre ikkje står åleine om det. At vi som står rundt kan vere støttespelarar.

Derfor vil eg våge meg ut på…

edf

Eg trur det er viktig at vi ikkje tar lett på det når barn tøyer grenser. Nokre grenser må tøyast. Det er ein del av å vokse opp. Andre bør ikkje gjere det. Når grensetøying går ut over andre, bør det ikkje gjerast. Dette er viktig at barn faktisk lærer. Dersom du alltid finn unnskyldninger for barnet ditt, så kan det være at du bør sjå nærmare på det.

Særlig «Boys will be boys» er ei unnskyldning som bør brukast i svært liten grad om du spør meg. Om du då seier at det handler om energi som må ut, skitne kle og interesse for leikebilar, så må eg dessverre skuffe deg med at mange jenter også har det. Eg var ei av dei. Eg var høgt og lavt, og mine topp tre ønsker som barn,(og som eg ikkje fikk fordi dagmammaen min hadde det) var gravemaskin, tråbil og sparkesykkel. Eg elska sport og lego, bilbane og tegning. Dukker likte eg også. Og eg vaks opp til å bli veldig jentete og elskar sminke, mote og alt som glitrer.  Men fremdeles er sport og kunst langt oppe på interesselista. Men hadde ingen voksne sett grenser for meg då eg var liten, eller latt mine handlingar som barn få konsekvenser som eg lærte av, så hadde eg kanskje vore rimelig grenselaus og ufordragelig i dag.

IMG_0094

Eg trur også det er viktig å snakke med barna, alt frå dei er små, om kropp og grenser. Det er liksom punkt nummer en for å forhindre grenseoverskridende atferd. Å vite kven som bestemmer over min kropp. Og kven som bestemmer over dei andre sin. Det er for seint å begynne å snakke om kroppen og grenser når tenåra kjem med alle sine utrulig slitsomme hormon.

Dette er ting eg trur vi alle må våge å snakke med barna om. Det å ha nulltoleranse for mobbing, både av fysisk og psykisk karakter er utruleg viktig. Og ingen ønsker å oppdage at deira barn er ei bølle, men om du oppdagar det, ta tak i det og be om hjelp. Og ALLE VOKSNE har eit særskilt ansvar for å gripe inn når ein ser at eit barn blir plaga av eitt eller fleire andre barn. At alle fortjener å bli behandla med respekt burde vere opplagt, men vi har sett at det er det ikkje. Og her har vi som er voksne eit stort ansvar. Det er nemlig vi som må gjere noko med det.

IMG_2126

Det er vi som har mulighet til å skape ei framtid der #MeToo ikkje lenger handler om å ha opplevd ubehagelige seksuelle tilnærmelser og/eller overgrep. Det begynner med oss. Det begynner med meg og deg.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s