Pustepause

Nokre gonger i livet er det ekstra viktig med pustepause. I Sjømannskirka er dette særlig i forkant av større arrangement som f.eks. påske, 17.mai, jul og julebasar. Så då eg erklærte for min sjef at eg ikkje kunne ha fridagar dei 14 siste dagane før julebasaren for å komme i mål, så ga han beskjed om at det vart uaktuelt. Eg måtte ta fri den ordinære frihelga mi.

IMG_20171111_130046

Og eg har jo vore ute ei haustnatt før, og kjenner meg sjølv så godt at eg ville garantert gått i «skal berre»-fella om eg vart her i frihelga. Særlig sidan eg gjorde om leiligheten til bakeri då ovnen på jobb var så grei å ta kvelden tre veker før basaren. Så då var det berre å vere kreativ for å finne ut korleis ein kunne gjere noko anna denne helga.

IMG_20171111_130144

For ei tid tilbake kom sjefen tilbake frå LA og fortalte entusiastisk om ei kyrkje, og den fekk eg veldig lyst å besøke. Men det har liksom ikkje passa. Plutselig var muligheten her.  Så eg fekk med meg kjæresten på ein liten Sør-Californsk kyrkjeturne.

IMG_20171111_130530_1

Han hadde nok inga aning om at eg skulle dra han rundt på så mange kyrkjer. Og ærlig talt så visste ikkje eg det heller.

IMG_20171111_130211

Etter ein dag i bilen på fredag, tok vi fyrst turen til Wayfarers Chapel. Fantastisk flott plass. Og på vei dit fortalte eg Gregory at rett nedi høgget låg Sjømannskyrkja i LA. Og dermed måtte vi dit og. Laurdagsgraut og gode greier.

Etterpå tok vi ei kyrkjepause og sykla tandemsykkel på stranda. Og plutselig var dagen over.

Søndag tok vi turen til West Angeles Church of God in Christ. Det var ikkje akkurat byens beste nabolag. Men for ein flott plass! FOR ein musikk! Eg var heilt euforisk! Det var eit djupt andedrag. Skuldrene gjekk ned og pulsen fulgte etter.

Og så bar det heimatt. Til baking, lister, planlegging og alt anna som føl med julebasar. (som egentlig er meir som julemarked/julemesse)

IMG_20171115_110408

Det er fort gjort i travle tider, når nettene blir for korte og listene over alt ein skal gjere blir for lange, at ein gløymer å puste rett. Når du pustar har du eit stopp på innpust og eit stopp på utpust. Akkurat når det snur. Det er som regel så kort, og så naturlig, at du ikkje tenker over det. Men om du ikkje gjer det, så hyperventilerer du. Og hyperventilerer du lenge nok, så går du ned for telling. Blir pausene for lange, så er ikkje det heller bra.. Då slit kroppen ein smule..

IMG_20171115_135131

Pausene i pusten er derfor viktige. Pauser er viktig ellers i livet også. For uten pauser kan ein fort gå ned for telling. Og gjer ein først det, så kan det bli krevande å finne energien til å gå vidare. Så: Pust inn – stopp – pust ut – stopp. Og gjenta igjen og igjen.

IMG_2790

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s