Eg køyrde heim i kveld og høyrde eit program på radioen. Det handla om eit program som Glide Memorial Church her i byen har starta, som er ein møteplass for folk med veldig ulike politiske meiningar – for å få dei til å snakke sammen, og ikkje minst LYTTE til kvarandre. I seg sjølv eit spennande tema.
Men eg hadde akkurat svinga av motorvegen då radiomannen kom med følgande utsagn i forbindelse med prosjektet etter at ildsjela bak hadde forklart litt om korleis det fungerte og kvifor han hadde starta det: «..so it is more about bringing healing.. like Glide has always been about..» (fritt oversatt til norsk: Så det handlar om å bringe helbredelse.. slik det alltid har handla om for Glide)
Det slo meg i magen, og eg begynte nesten å grine der eg var. Tenk å ha eit slikt omdømme. Alt det de gjer handlar om å gje andre legedom.
Er det noko denne verda treng så er det mulighet til å få legedom. Mulighet til å få sår til å gro. Mulighet til gjenforening. Mulighet til å bygge bru. Mulighet til å bli heil når livet er knust i tusen biter.
Tenk å ha rykte på seg for å gjere akkurat det!
Det er rett og slett berre VAKKERT! Og at det finnes ei menighet, eit fellesskap, i denne verden som har som mål å gå ut og gi legedom, ikkje for sin egen del, ikkje for å få ære – eller for si eiga tru sin del – men for at andre skal ha det bra, med eit fullt og oppriktig hjerte, dét gjev meg trua på menneske!