I løpet av livet får vi ulike merkelappar. Nokre skjer automatisk, nokre er åpenbare medan andre er mindre synlige.
Eg er f.eks. datter, søster, tante, kjæreste, venn, kvinne og kvit. Eg lever fint med dei fleste merkelappane eg har. Nokre er eg heilt enig i, medan andre føler eg egentlig ikkje passar så godt. Men stort sett, så ser eg poenget. Det er slik eg blir kategorisert. Og frå samanheng til samanheng havnar eg i ulike båsar.
Men eg har alltid undra meg over kvifor nokre båsar blir viktigare å få fram i lyset enn andre. Ein av desse er seksuell legning. Eller, for å vere heilt nøyaktig: om du ikkje er hetrofil så skal ein liksom komme ut av skapet, og kva legning du har skal vere allmennkunnskap. Kva skap har dei egentlig vore i? Kven har bygd dette skapet rundt dei? Dei lesbiske, homofile og bifile eg kjenner har visst lenge kva dei har følt, nokre heilt frå barndommen. Kvifor må dei fortelle alle om kva legning dei har, når eg ikkje må gjere det?
Det er eit faktum at homofile og lesbiske må kjempe for å få samme rettigheter som andre. Det gjer meg svært irritert (for å seie det mildt) at menneske må kjempe for det. Likevel forklarar det ikkje heilt kvifor denne merkelappen er så framtredande og nærmast stigmatiserande. Vi kvinner og menneske med mørkare hudfarge enn meg må også kjempe for like rettigheter. Det meste er enklare å oppnå for kvite, hetroseksuelle menn..
Eg veit ikkje kvifor, men eg har fundert mykje på denne merkelappen i det siste. Eg syns det er urettferdig at det er slik. Kva legning nokon andre har er for meg revnande likgyldig. Det er også noko ingen kan gjere noko med. Så kvifor er denne merkelappen så viktig for mange? Kvifor kan ikkje denne merkelappen få lov å vere ei privatsak? Eg berre lurer… Det handlar jo berre om kven du elskar – ikkje kva kvalitetar du har som menneske. For meg er merkelappar som empatisk, snill, intelligent og rettferdig mykje viktigare enn kva seksuell legning ein har.
Abhijit Naskar seier det så fint i Civilized or Phobic: A Treatise on Homosexuality: “Love has no gender – compassion has no religion – character has no race.”