Livet og røyken.

Forrige søndag kom eg heim etter eit døgn i Sacramento og var klar for senga då eg kjende røyklukt. Eg har vore med på brann før, så eg er rimelig på alerten når eg kjenner lukta. Eg sjekka leilighet og bakgård, før eg sprang ned på gata for å sjå om det var hos naboen. Røyklukta vart endå sterkare ute, så eg sjekka nyhetene. Og der var det: Storbrann i Napa.

IMG_2484
Blodraude solnedgangar som dette er ikkje eit bra tegn

Heile veka har vore prega av det. 40 mennesker har omkomme, noko som gjer dette til den skogbrannen som har tatt flest liv i California si historie. Over 100 har havna på sjukehus, 90.000 menneske har vore tvinga til å forlate heimane sine, og i følge dei siste tala i dag reknar dei med at 5700 bygningar har gått med. I skrivande stund er snart 250 menneske framleis sakna, i følge dei siste rapportane eg har lest.

edf

I San Francisco hatt ei veke med ein luftkvalitet som Bejing, i følge dei måler slikt. I følge eit par kinesiske damer eg møtte på fredag har San Francisco vore mykje verre. Ikkje veit eg. Alt eg veit er at det har lukta som bål heime hos meg, og sidan eg framleis har litt etterslep etter lungebetennelsen for ein månad sidan har eg vore nødt å auke astmamedisinen, halsen har vore tørr, hovudet har verka og søvnkvaliteten har vore heller dårlig. Det betyr vel sansynligvis at klimaet ikkje har vore optimalt.

Eg har likevel lite å klage over. Eg har tak over hovudet, og alle tinga mine. Eg har jobb å gå til. Eg har det fint. I dag var luftkvaliteten bedre, så eg var igjen ute og gjekk på tur. Og det er håp om at brannane skal roe seg.

edf

For mange tusen menneske er livet annleis no. For mange er alt usikkert. Det livet dei har levd er der ikkje lenger. Eg høyrer ofte på radio når eg er ute og køyrer, og her om dagen var det eit program der dei hadde folk som jobba med organisering av hjelpeapparatet i Napa og krisepsykolog i studio. Folk ringde inn og stilte spørsmål eller delte tankar. Og særlig ei dame gjorde sterkt inntrykk på meg. Ho ringte inn i forbindelse med spørsmålet om kva vi bør gjere i møte med dei som har vorte ramma.

edf

Ho hadde mista huset sitt. Og fortalte om korleis det var å møte menneske som ville hjelpe. Først snakka ho om å lytte. Noko dei fleste av oss, undertegna inkludert, godt kan øve oss meir på. I forlenginga av det snakka ho om dei velmeinande orda om at «det er jo berre ting!» Ho la vekt på at ho var takknemlig for at ho framleis var i live, og at ho hadde alle sine med seg. Men så kom det(fritt gjenfortalt og oversatt): «Det som for deg er berre ting, det var livet mitt. Det som du karakteriserer som berre ting, er for meg minner og uerstattelige skatter. Ja, det er berre materiale, men det er også livet mitt. Eg treng at nokon er villig til å høyre om sorga over å tape det, uten å belære meg om at det berre er ting.»

ozedf

Eg har tenkt masse på denne dama. Og eg har tenkt på korleis ville eg oppleve det om alt eg eigde plutselig forsvann. Mange ting ville kanskje vere ein lettelse å bli kvitt. Det som berre fyller skap og skuffer, og som ikkje har nokon vesentlig verdi. Men så var det alle dei spesielle tinga då… Juleduken som mamma har sydd, skilpadda som ei niese har laga, bøker eg har fått, gåver som eg har fått frå menneske som betyr mykje for meg. Ei steikepanne er berre ting, men ei glasskål som du arva frå bestemor er eit minne, ein skatt..

Eg mista nesten heile garderoben min på ein kortur der bussen vi reiste med tok fyr. Eg har opplevd at eg har mista ting, som f.eks. då eg i flyttesjau greidde å kaste ein boks med smykker i søppelsjakta – og ikkje oppdaga det før søppelet var henta. Men eg forstår ikkje korleis det er å miste alt eg eig.

IMG_20171012_172659-EFFECTS

Det er så lett å tenke at det er berre ting, så lenge det ikkje var dine ting. Det er så lett å gradere sorg, som at dei som har mista nokon har det jo verre enn deg som berre mista ting. Det er så lett å tenke at du forstår korleis det er, men ingen av oss kjenner andre på oss sjølve. Vi må lytte for å forstå. Ikkje berre høyre orda, men lytte. Det å miste det som for andre er ein gjenstand, men for deg ber med seg sanseinntrykk, følelser og minne om nokon du var glad i, kan også oppleves som å miste nokon ein er glad i.

Sorga er ein del av livet – og kvar enkelt si sorg er unik. Kvar enkelt sorg som kjem til oss er unik. Det er eit enormt fargespekter som sprer seg i møte med sorga. Og den veks alltid sammen med gleda.

edf

Katastrofer bringer ofte ut det beste i folk. Eg høyrde på radioen om ein krisepsykolog som tok imot pasienter frå brannen som ikkje hadde forsikring utan å ta betalt.  Eg kjenner folk som har åpna heimane sine for folk som har måtte evakuere. På Safeway (dagligvarebutikken) kan du alltid velge om du vil donere til eit formål, og no i haust har det både vore til dei som treng det etter orkanane som har herja, og no til skogbrannofra.

edf

Det skjer noko med oss når nokon blir ramma. Når nokon mister nokon dei er glad i, eller det dei eig, blir vi andre rausare. Vi ser kvarandre på ein annan måte. Vi veit liksom ikkje kva godt vi kan gjere for kvarandre, så ofte blir det ein klem og ei samtale. Og plutselig så sitter en og ler over gode minner.. Eg har også møtt nokre menneske opp gjennom åra som kan fortelle om at då katastrofa ramma, så møtte dei menneske som har vorte gode venner.  Då dukka plutselig naboar ein knapt hadde helst på opp med mat, eller nokon åpna heimen sin for dei. Og når fleire har vorte ramma av det samme, så blir ofte sterke band knytta mellom menneske.

edf

Livet er underfundig. Vi må ta vare på menneskene og minnene vi har på ein god måte. Plutselig kan det snu seg fullstendig og og det du kjente kan gå opp i røyk framfor augene dine. Men midt i smerten og sorga kan vi få lov å håpe på bedre dagar. Vi kan få håpe på det gode i mennesket. Vi kan håpe på at gleda vil vokse fram på nye plassar.

 

One thought on “Livet og røyken.”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s