Finn veien engel

Så skjedde det igjen.

Glade mennesker samla til konsert. Ein mann med våpen på eit hotellrom i 32.etasje.

58 døde.

IMG_4160

Orda blir fattige. Ein føler seg så makteslaus. Det blir tomt. Det blir stille. Ein blir fortvila. Ein blir sint. For ei som meg, som har vokst opp med at våpen skal brukast til jakt på dyr og ikkje menneske, så er våpenlovgivinga her uforståelig. Dei fire verste masseskytingane i USA si historie har skjedd dei siste ti åra. Tre av dei dei siste fem åra. To av dei dei siste to åra. Det er FOR MANGE som har mista den dei var glad i.

IMG_4137

Når eg høyrer det blir sagt at løysinga er endå meir våpen, blir eg heilt matt. Eg forstår det ikkje. Eg trur ikkje du kan vinne over vold med meir vold. Eg trur ikkje din rett til å bere våpen vil hjelpe deg om nokon går laus med eit halvautomatisk våpen. Det vart vel bevist i Las Vegas søndag kveld.

IMG_4169

Vi skal snart ha Bremnes Cabaret på kyrkja. Ein av sangane til Kari Bremnes som eg skal synge då har svirra i hovudet mitt konstant sidan fyrste nyhetsoppdateringane om skytinga kom. Eg trur det får bli med den i dag. Som ei bønn for alle som treng litt ekstra omsorg. For alle som sit i botnlaus sorg. For alle som får rippa opp i gamle sår.  For alle som treng mot, visdom og styrke til å gjere det som er rett.

IMG_4226

Finn veien, engel
du har funnet den før
æ ska spelle musikk her
æ ska åpne ei dør
æ ska være tålmodig
æ ska sette ut lys
Men æ trur du ska komme snart

Finn veien, engel
du kan gå etter skrik
du kan gå etter røyken
og resta av lik
du kan gå etter gråten
du kan gå etter bønn
Men æ trur du ska komme snart

Finn veien, engel
her e ingen å spørr
her e ingen som veit
om vi veit ka vi gjør
Men det er vi som gjør det
og det e så mange som dør
Finn veien, engel
Du har funnet den før

IMG_4208

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s