Eg var i ein diskusjon forleden. Om politikk. Eller rettare sagt; om samfunnsengasjement.
For meg heng ofte politikk og samfunnsengasjement sammen. Dei verdiane som politikarane har er med på å skape verdiane som samfunnet bygger på. Det betyr ikkje at ein treng å vere så veldig aktiv reint partipolitisk sett, men for meg er det rart når folk påstår at dei er likgyldige til kven som sit med makta. Og det trur eg egentlig dei færraste er når det kjem til stykket.. Men nokre har meiningar, haldningar og verdiar som er rimelig langt frå mine. Det kan fort bli ei utfordring.

I jobben min kan eg egentlig ikkje ha så sterke meiningar. Alle som kjenner meg satte vel kaffen fast i halsen no. Joda, eg er fullstendig klar over nøyaktig kor sterke meiningar eg har. Og eg er fullstendig klar over kor krevande eg syns det er når eg må møte menneske som er fundamentalt uenig med meg. Og det var litt av det eg sa noko om då eg var i denne diskusjonen. Og dei som kjenner meg vil óg kjenne igjen at eg snakkar mens eg tenker, så etter kvart stilte eg litt spørsmål med min måte å møte andre menneske på.
Kanskje burde eg utfordre meg sjølv og prøve å finne ut av kvifor dette mennesket som er så uenig med meg har komt til sine konklusjonar? Litt klønete vart det sagt..
Då var det ein som sa «Men då behandlar du jo vedkommande som eit kasus!»
Det var ein effektiv måte å få meg til å holde kjeft på. Er det slik eg behandlar andre? Som kasus? Det var tydelig at det ikkje var noko positivt frå den som sa det. Og det traff alt i meg som er redd for å trakke på andre menneske.
Kasus er i følge store norske leksikon ein grammatisk kategori som fyrst og fremst seier noko om «kven som gjer kva med kven». Mange språk har ikkje kasus, nokre har det. Tysk for eksempel har det, og til tross for at eg har ein del av det i mi eiga dialekt og prøvde i 4 lange år, så var dette ei nøtt eg aldri heilt greidde å knekke. Eg kan ikkje skulde på læraren, for han var super! Kanskje fordi at i norsk generelt er det korleis setninga er samansett som fortel historia.
Likevel veit eg at i møte med kasusa så er det ei historie som blir fortalt. Ofte ei historie som er verd å lytte til.
Men det var nok ikkje grammatikkens verden han refererte til. Eg har jo vore nok innom psykologien til å ha høyrt om kasus-studier. Og det er vel meir i disse banene han tenkte. Då snakkar vi om djubdestudie av enkeltindivid, der ein samlar mengder av informasjon om ein person i håp om å finne noko allmenngyldig. Ein kan observere, intervjue, gjennomføre tester og gje oppgaver som skal løysast. Problemet med kasus-studier er at det manglar objektivitet, og ein kan ikkje seie at denne personen sin atferd vil gjelde for andre på samme måte.
Eg må jo innrømme at eg tenkte no ikkje heilt å dra den så langt. Men at han svarte meg på den måten ga meg ei viktig lekse. Han definerte mine dårlige formuleringar inn i si forståing, og ga meg ein rapp over fingrane eg ikkje trur eg heilt fortjener – vel, heilt ufortjent er den kanskje ikkje. Han viste meg kor fort eg kan gjere akkurat det samme med dei som ytrar noko eg er uenig i. Eg definerer og svarer, før eg spør og lytter.
Alle som nokon gong har hatt ei meining som dei ikkje har fått uttrykke, fordi nokre andre meinar noko anna – og anser det som viktigare, veit kor frustrerende det er. Alle som har erfart at andre har sett stempel på dei fordi dei er uenige, veit kor krevande det kan vere. Alle som har opplevd å tale til døve øyre, og vanskelig vilje, veit kor liten ein føler seg. Alle som har opplevd å skulle fortelle si historie, for så å oppleve at den smuldrar vekk i fordømmande diskusjonar, veit kor trist og lei seg ein blir. Du treng ikkje eingong å møte nokon som er uenig, dei kan berre henge seg opp i detaljar som gjer at heile historia smuldrar vekk… Eg gjorde det seinast i dag, altså, eg hengte meg opp i nokon andre sine detaljar, og tok fokuset heilt vekk frå det dei prøvde å fortelle meg…

Og det er her eg trur eg har ein jobb å gjere med meg sjølv. Då eg stilte eit litt klønete spørsmål til meg sjølv i diskusjonen ovanfor, så tenkte eg ikkje at eg skulle ha tredjegrads forhøyr og spørjeskjema klart for dei som er uenig med meg, for å analysere dei opp og ned. Samtidig så trur eg at eg i jobben min av og til har blitt litt for dyktig på small talk. Og eg er altfor glad i å ytre egne meiningar. Eg trur eg ville ha godt av å lytte på ordentlig når folk som er uenig med meg fortel, litt meir enn inn eine øyret og ut andre, til den historia som dei har å fortelle meg.
Kven gjorde kva med kven. Ikkje til ei analyse for å finne noko allmenngyldig. Ikkje som ei kasus-studie. Men eit møte der enkeltmennesket får være i sentrum. Eit møte der ein møtes med åpne blikk og interesse for kven ein er. Der den andre si historie blir viktigare enn mi. Og der vi begge kan få bli ein del av kvarandre si historie -uten at vi treng å bli enige om noko som helst.