Livet og framandfrykta

Kjæresten min er mørkare enn meg i huda. Han kategoriserer seg sjølv som svart. I helga var vi nordover i staten, og over til nabostaten ein tur. Søndag morgon møtte han ein som ikkje ville ta han i handa. På grunn av hudfargen hans.

IMG_0820

Rasisme. Rasist. Ord vi er så redde for å bli stempla under. Eg har vakse opp i ein heim der hudfarge, religion, legning og politisk overbevisning ikkje har vore til hinder for å bli kjend med nye menneske. Opp gjennom åra har eg møtt menneske som brukar ord som beskriv noko av dette som skjellsord. Eg trur alltid at eg har sagt i frå om eg har vore nær nok. Det gjer meg så sint.

At nokon ikkje vil ta eit av dei finaste menneska eg veit om i handa fordi han ikkje er like kvit, riv i hjartet. Men kva er det som fører ein dit?

IMG_2007

I går fekk eg sjå eit klipp frå TV2-nyhetene der Sylvi Listhaug var på vandring med politi og pressekorps på jakt etter nokon som oppheld seg ulovleg i Norge. Det vrei seg i meg. Men eg er sikker på at mange av Listhaugs heiagjeng klappa og ropte «Sjå! Dette er ei dyktig dame! Ho er ein politiker som går ut på gata og gjer ein jobb! Ho sit ikkje berre foran pcen sin og går i fancy selskap!»

Men kva oppnår ho med å gjere det ho gjorde? Eg vil seie at ho, framfor nokon annan norsk politiker i nyare tid, har vore med på å legalisere framandfrykt og framandhat. Ho er i godt selskap på verdensbasis, å snakke om ei gruppe med menneske på ein nedlatende eller hatefull måte, gir andre som har tenkt tanken mot til å rope høgt. Og du verden kor høgt dei ropar. Endelig er det nokon som høyrer på frykta dei lever med. Som tek den på alvor. Som gir dei ei stemme. Som fortel at dei ikkje treng å møte frykta, for grunnlaget for den skal fjernast.

edf

Eg bur i eit land no der rasismen var eit sjokk å møte. Eg hadde møtt kvardagsrasisme heime i Norge. Eg hadde møtt folk som hadde rasistiske holdningar og ytringar. Eg har møtt mange som i sin mangel på kunnskap om kva ord gjer med folk brukte ord som dei ikkje burde bruke som skjellsord. Men eg hadde aldri før opplevd at ein politimann først høyrde på kva som blei sagt når det var eg, og ikkje den mørke guten framfor meg, som sa det.

Raseskille lever i beste velgåande. Og den noverande presidenten her gjer ingen verdens ting for å bryte ned barrierene. Han vil heller bygge mur. Han og Listhaug har mykje til felles. Heldigvis er vi mange som kjempar mot slike haldningar.

Frykta er utgangspunktet hos dei aller fleste. Vi fryktar det vi ikkje kjenner. Og når nokon fortel oss at denne frykta er på sin plass, då blir frykta sterkare.

Faktumet er at om vi møter det vi frykter så kan vi mange gonger får oss ein overraskelse. Kanskje venta det oss ein ny venn – og ei ny forståing av verda på oss?  Eg har venner i alle samfunnslag, med ulike hudfargar, legningar, religion og politiske meiningar. Dei gjer livet mitt rikare.

IMG_2331

 

Eg har møtt mange menneske opp gjennom åra som har satt djupe spor. Nokre av desse fortel Listhaug meg at eg bør vere redd. Men eg er ikkje redd dei. For eg har møtt dei. Eg har brukt tid på å bli kjent med dei. Eg har lært at ein drittsekk er ein drittsekk enten han er svart, raud, gul eller kvit i huda. Og eit godt menneske er ikkje eit godt menneske på grunn av hudfargen sin.

IMG_1138

Dei mest generøse menneska eg nokon gong har møtt er ikkje etniske nordmenn. Eg trur rett og slett dei fleste av oss har hatt det altfor godt her i livet.  Eg har etterkvart møtt mange som har flykta frå krig og undertrykking, og kjem til Norge vil vere gode samfunnsborgarar. Dei vil bidra til vårt felles gode. Men kanskje manglar dei papira…

IMG_0998

Du velger om du vil ta dei svake sitt parti. Du velger om du vil åpne opp for å møte det ukjende. Du velger om du vil møte frykta di.  Du velger om du vil gjere noko med deg sjølv, eller om du alltid vil skulde på dei andre. Du velger om du vil vere brubyggar eller om du vil bygge barrierer. Det er ditt valg. Og mitt.

IMG_2539

Eg sat og grubla på dette då ei venninne posta eit dikt av Halldis Moren Vesaas som eg syns er så fint på Facebook. Det fortel meg noko om kva valg eg ønsker å ta her i livet.

Dette å vera i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik

Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølva er.

Fattig var du som aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.

IMG_0308

One thought on “Livet og framandfrykta”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s