Valg

Fyrste blogginnlegg på ny plattform skal altså handle om valg. Det er mange valg i livet. Nokre handlar om kva blogplattform ein skal bruke, andre om viktigare ting.

I dag vil eg seie noko om dei viktigare valga.

IMG_3519

Det har akkurat vore Stortingsvalg i Norge. På min forrige blogg var siste innlegg om kor stas og viktig eg syns det er å stemme. Eg må innrømme at skuffelsen var til å ta og føle på når eg såg det valget som mine landsmenn har tatt. Eg skulle ønske vi fikk eit regjeringsskifte. Høgre har eg ikkje så mykje i mot i utgangspunktet, men den alliansen dei har inngått med FrP får det til å gå frysningar nedetter ryggen min.

Det forundrar meg og at KrF har holdt såpass på velgarane sine, slik som dei har uttrykt seg i denne valgkampen. Eg syns det er skuffande at dei er så uttalt i mot å samarbeide med parti som dei egentlig står nær, for å ytre ønske om samarbeid med parti som har fokus på å grave til seg, gi skatteletter som fører til at dei rike får meir og dei fattige mindre, er positive til søndagsåpne butikkar og ikkje minst, aktiv dødshjelp. Sjølvsagt skal dei forhandle – men det er rimelig svære kameler å måtte svelge, om du spør meg. Og apropos aktiv dødshjelp: kjære kristne venner som stemmer på FrP. Er de klar over at når de forsvarer Sylvi Listhaug og heiar henne og parti hennar fram, så heiar de også fram eit parti som har tydeleg uttalt at dei vil gå inn for legalisering av nettopp aktiv dødshjelp?

IMG_4510

Men min skuffelse til side. Det eg har vorte så ubehagelig klar over dei siste par dagane er noko eg egentlig har visst lenge. Men det har gjennom sosiale medier vorte så utruleg synleg.

Norge er eit rikt land. I dag. Men det er vel bortimot rett å seie at det er berre 3 generasjonar sidan det ikkje var det. Mine søsken, som er ti-tolv år eldre enn meg, og eg er første generasjon som ikkje har kjent på kva det er å ikkje bu i ein oljenasjon. I USA bur det fleire norskætta enn i Norge. Rett og slett fordi folk flykta frå fattigdom i håp om eit betre liv. Vi har heller ikkje opplevd anna enn fred. Mine foreldre opplevde krigen. Hadde ikkje Sverige og England gitt rom for dei som måtte flykte då, så ville det nok vore endå færre nordmenn i Norge i dag. Men i dagens debatt handlar det ikkje om kva som ein gong ramma vårt folk – og kva vi burde gi tilbake. Det handlar ikkje om å vere medmenneske. Det handlar om meg. Det handlar om meg her og no. Om kva eg får ut av det.  Og eg står av og til på sidelinja og tenker «mennesket er ikkje godt på bunnen, det er egoistisk».

Og det avspeglar seg i valgresultatet i Norge, og ikkje minst her i USA. Det avspeglar seg også i debattar på nett, eller i sosiale medier. Og det siste skremmer meg ganske så masse. Eg har stått i nokre stormar, når eg har uttalt meg. Men eg har sett nokre av dei responsane som enkelte har komt med på andre sine innlegg dei siste dagane, og er heilt rysta.

Når ein kjenner på skuffelsen over at dei ein ønska skulle vinne tapte, så må det vere lov å uttrykke det. Det må vere lov å seie at ein er skuffa. Det må vere lov å seie at det skremmer meg å sjå utviklinga som har vore i Norge. For det gjer faktisk det. Det skremmer meg at så mange er redde for nye landsmenn eller ikkje er villige til å bidra til fellesskapet. Kanskje fordi eg ser på nært hold kva det gjer når skatten du betaler går til andre ting enn helse, skule og andre felles samfunnsgoder. Og du er heilt avhengig av å ha forsikring i aust og vest.

IMG_0022

Men det skremmer meg på langt nær så mykje som å sjå kor mykje hat det finnes i mange av menneska som var fornøgde med valgresultatet. For all del, eg kjenner mange menneske som er gode og snille og som er glade for valgresultatet. Men å sjå korleis enkelte kan angripe andre som uttrykker skuffelse, og kallar dei stygge ting og er rett og slett graverande i språket, det er skremmande. Når eg då ser at dette er menneske som flaggar høgt at dei har eit kristent livssyn, blir eg heilt matt.

Eg vil kjempe for din rett til å seie di meining, men ikkje til å trakke på andre menneske. Eg vil kjempe for din rett til å seie at du er uenig med meg(eller andre), men ikkje til å vere usaklig eller usmaklig. Det skremmer meg at så mange kjenner at dei kan seie akkurat kva dei vil på nett, eg er ikkje sikker på om dei ville vore like røffe i kanten face to face. Men på nett velger dei å spy ut dei mest avskyelige kommentarar.

I Bibelen står det at «Sjølv den dumme blir rekna for vis når han teier, og klok så lenge han held munn»Eg kjenner dette treff meg. Det er mange gonger eg skulle holdt kjeft. Det er mange gonger eg skulle brukt dette valget, som det faktisk er, å holde kjeft. Det er kanskje noko fleire skulle tenkt på. For ofte så avslører vi mangel på kunnskap og vår eigen dumskap når vi spyr ut ufyseligheter.

edf

Vi møter mange valg i livet. Valg som får konsekvenser. Valg som bygger opp eller river ned. Valg om å vere vennlig eller fiendtlig. Valg om å la andre få uttrykke seg eller valg om å sørge for at dei teier still, kanskje for alltid. Valg om å gi andre mot, eller valg om å ta frå dei motet. Alle valg vi tar får konsekvenser. Store eller små. Eg trur ein god leveregel som kristen er å tenke «kva ville Jesus ha gjort?» Men då må vi også hugse at mannen frå Nasaret var også mannen som var flyktning som barn, vart rasande når barn vart sett ned på, han renska tempelplassen for salgsboder i sinne, talte maktfolk og andre sjølvgode i mot, besøkte dei som samfunnet såg ned på, løfta opp dei som låg nede og ga kvinner sentrale roller i si historie. Han elska, på ein måte som er så djup at vi ikkje kan fatte det. Uten rosa skyer og fin innpakning. Men rått og ærlig. Og han var nåde og sanning. I den rekkefølga.

IMG_2454

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s