Det tomme rommet

Andre mai 2023 kl.20.36 gikk livet mitt i stykker. 

Telefonen ringte. Flybilletten neste dag var ein dag for seint til å få holde mamma i handa, for å få fortelle henne kor glad eg var i henne, for å få stryke henne over kinnet.. Det var over. Natta forsvann inn i ei skodde. Å sove var ikkje eit alternativ. Kroppen ville ikkje. Mannen som satt rett over for meg på toget på veg til Schiphol såg bekymra på meg. Eg veit at eg har sett bedre ut enn eg gjorde den morgonen. 

Eg var tidlig ute til flyet. Tenkte å kjøpe kaffe. Men eg orka ikkje. Burde hatt litt mat. Men orka ikkje. Alt var berre tomt og litt for stort. Eg skulle jo heim og sitte på sjukehuset, ved senga hennar og skrive eksamen. Ho hadde jo spøka med at ho skulle hjelpe meg med den berre timar før det var slutt. Plutselig var alt snudd på hovudet. Eg skulle ikkje få møte henne, snakke med henne, le med henne, ta på henne og berre vere med henne. I staden venta presten og begravelsesbyrået. 

Livet var gått i stykker og eg måtte sette bitane sammen, men det var ein stor, og viktig, bit som mangla for å få dei til å passe. Eg måtte finne ein ny måte å sette det sammen på. Eg veit berre ikkje heilt korleis eg skal gjere det. Når det som alltid har vore der plutselig er borte, kva gjer ein då?

Det rommet i hjertet mitt som før var mamma vart plutselig tomt. Det var som om nokon hadde rive ut alt som var der. Alt eg såg var kvite, tomme, sterile veggar. Eg var nummen. Tom. Makteslaus. Ville berre sove. Samtidig var det helt umulig å få sove. Det var så ufattelig vondt. Samtidig var det heile tida den rasjonelle stemma i meg som sa at det var godt for henne å sleppe meir smerte. Ho hadde hatt det tungt i flere år. Men desse tankane utløyste skammen over dei egoistiske tankane om at eg ville beholde henne lenger. Berre litt til. Så masse følelser, og så vanskelig å greie å uttrykke det.

Dagane gjekk. Eg veit ikkje korleis vi kom gjennom det. Men eg fikk levert eksamen. Vi overlevde begravelsen. Eg hugsa at eg måtte ta meg sammen for å ta imot klemmane eg fekk. Eg som er så glad i å klemme! Eg trengte dei så veldig, men greidde ikkje heilt å vise kor takknemlig eg var for dei. Det var vanskelig å løfte armane og ta imot. Eg har aldri vore god på å vise dei vonde følelsane. Glede. Engasjement. Entusiasme. Det er null problem å boble over og vise heile verda. Sorg. Smerte. Eg veit ikkje korleis eg skal uttrykke det. Eg forsvinn inni meg sjøl. Stenger verden ute. Men eg skammer meg ikkje over tårene mine, slik eg gjorde då eg var yngre. Så om du ga meg en klem, vit at eg er djupt takknemlig for det sjøl om eg ikkje greidde å vise det, og kanskje til og med framstod som litt avvisande.

Vekene gikk. Eg var tilbake på jobb. Greier ikkje gi alt, slik som eg brukar. Søvnen er og ustabil. Eg prøver å ta meg sammen, men det er ikkje så lett. Eg må stadig minne meg på det som eg seier til andre eg møter som er i ein sorgsituasjon. Sorg går i bølger. Plutselig er det som det skyller over deg og suger alt ut av deg. Du må gi deg sjøl nåde til å komme gjennom det. Sorg tek tid.

Sommerferien kom og gjekk. Familie er ordet som oppsummerer min sommar. Eg er så takknemlig for familien min. Det er så mange nydelige menneske og eg har ikkje ord for kor mykje dei betyr for meg, alle saman. 

Livet går vidare, men for tida i litt roligare tempo. Eit par dagar før mamma døde leste eg noko som visstnok er eit kinesisk visdomsord. Det sa at sorg er som ein trekant i hjartet som spinn rundt. Kvar gong den går rundt skyt smerten i deg, men etter kvart vil spissane slipes ned og trekanten blir ei kule. Kor lang tid det tek, kjem an på kven vi har mista og kva vi har mista, korleis vi greier å handtere det og kven og kva vi har rundt oss. Ein dag kjem gleda over kva vi har hatt bli større enn smerten over det vi har mista, og sjølv om sorga alltid vil være en del av oss, vil vi kjenne på at vi har ein skatt – ei perle – som gøymer seg i hjartet. 

Eg veit at etterkvart vil eg få opp dampen igjen, men eg veit og at det er viktig å gi seg sjølv rom til å handtere sorga. Eg er ikkje deprimert, men nokre dager er det ganske trist i hjertet mitt. Då går eg inn i det  tomme rommet, set meg ned og finn fram dei fine minnene. Ofte kallar det fram tårene, saknet og smerten over at det er fortid. Men det kallar også fram smilet, gleden og takknemligheten for at ho var nettopp mi mamma. 

Sakte ser eg at det tomme rommet ikkje er tomt. Det har berre vorte ommøblert. Framleis er kjærleiken der. Varmen. Omsorgen. Tryggheten. Men den har fått ei anna form. Det har mjuke stolar som eg kan sitte i så lenge eg vil, og treng. Det er ikkje kvitt og sterilt, men fylt av varme fargar,  bilder og filmar av gode minner. Det maner fram takknemlighet over kor heldig eg har vore, for det er dessverre ikkje alle som får oppleve ei mor som har omsorg for alle, som setter grenser, som blir sint fordi ho elskar deg, som elskar deg slik du er, som forventer at du skal gjere ditt beste og behandle menneske rundt deg med respekt, som lærer deg å dele og som kjempar for at du skal få alle muligheter som kan finnes. Nei, det tomme rommet er slett ikkje tomt. Det er akkurat slik det skal vere for at eg skal greie å manøvrere meg gjennom sorga. Det gir meg ein plass kor eg kan pusle sammen bitane på ein ny måte og lære å leve vidare med saknet. 

One thought on “Det tomme rommet”

  1. Dette var så godt og full av kjærlighet at hadde jeg kunne skrevet ville jeg sagt dette kjenner jeg igjen på min måte ♥️ Lykke til ♥️

    Likar

Kommenter innlegget