Eg har gått lenge og tenkt på dette innlegget. Eg lurer veldig på korleis eg skal fatte meg nokonlunde kortfatta. Så dette blir spennande…
Då eg var 14 var draumen å bli popstjerne. Målet var faktisk å bli både rik og berømte av å synge. Då eg gjekk i fyrste klasse på vidaregåande skreiv eg stil om at eg drøyde om å bli jazz-sangar på ein mørk, liten jazz-klubb. Då eg flytta til Oslo som 19. åring ville eg ikkje at nokon skulle vite at eg kunne synge. Eg vart rimelig fort avslørt, men det tok nesten 7 år før eg sang skikkelig igjen. Eg hadde nemlig gått tom. Eg hadde møtt for mykje motstand fordi eg sleit med å lese notar. Men det var ikkje poenget. Poenget var at i dag syng eg gjerne. Eg syns det er kjekt å høyre det om nokon syns eg er flink. Eg likar å synge. Men eg er ekstremt takksam for at eg aldri vart berømt.

Eg veit at dette er eit innlegg der eg avslører at eg er ei gammal tante. Og la meg vere klar på det med det samme: Eg trur ikkje alt var bedre før. Ting var annleis, men ikkje nødvendigvis bedre. Eg er så gammal at eg fekk mi fyrste e-postadresse då eg var student. Internett var noko vi måtte bruke tid på å komme i kontakt med. Og eg takkar min skapar for at ikkje alt eg har vore med på, eller alle stilar eg har hatt, har vorte filma eller tatt bilde av – og lagt ut for alle å sjå.(som dette innlegget vil bevise finnes det nok av bevismateriale som det er..)

Ein ting vi ikkje hadde då eg var ung er influensere. For meg er dette ein veldig underlig yrkestittel. Før vart du kjent fordi du gjorde noko spesielt, som f.eks. synge, danse, male ect. Du vart ikkje kjent fordi du publiserte livet ditt i media. Hadde det vore mulig å vere influenser då eg var ung, hadde eg aldri hatt mot til å kalle meg det. Eg tenker det må vere ein utrulig slitsom jobb. Å heile tida finne på noko for å vere aktuell. Å jakte på likes, eller klikk. Ein kan jo sjå korleis enkelte blir utrulig god på å manipulere virkelighetsbildet, slik at ein skaper blest om seg sjølv. Alt for oppmerksomhet.

Det har og slått meg at så mange som kallar seg influenser slit med den mentale helsa si. Er det fordi ein blir einsam når ein heile tida jager etter spotlighten? Er det fordi oppmerksomheten koster egentlig litt meir enn den smaker? Er det fordi pengane som ein får, oppmerksomheta ein får, er kortvarig lykke? Er det fordi ein aldri kan vite kven som er der fordi dei faktisk likar deg og kven er der fordi dei håpar på sine 15 minutt med berømmelse?
Eg trur og at det å heile tida skulle grave i og brette ut si eiga navlelo er svært slitsomt. Du må bli ekstremt sjølvopptatt, og redd for å miste grepet på det som gjorde at folk begynte å følge deg i fyrste omgang. Det må vere utmattande!

Eg ser og i ein del sosiale medier at ein brukar stadig meir diagnoser. Eg er absolutt for å kunne snakke om mental helse. Men av og til lurer eg på om ein brukar begrep som høyrer saman med diagnoser litt for mykje. Og eg lurer på om vi ved å gå inn med diagnoser mister språk for andre tilstandar som er like viktige å kunne snakke om? Ta for eksempel depresjon. For meg er dette ei diagnose. Den blir satt av lege, psykolog, psykiater eller andre med kompetanse på psykisk helse. Eg veit at mange vil oppleve dette ein eller fleire perioder i livet sitt. Men av og til høyrer eg mennesker i sosiale medier som snakkar om sorg som depresjon. Å sørge er ikkje ei diagnose, men det er absolutt ein sinnstilstand som er viktig å kunne prate om. Om ein ikkje finn måtar å handtere sorg på kan det føre til psykiske lidelser. Men sorg, det er noko vi alle må gjennom i løpet av livet. Og det er beintøft! Det hadde vore så fint om ein kunne snakke om det som nettopp sorg, som ein del av livet, ikkje som ei diagnose..

Eg må presisere nok ein gong: Det er svært viktig å snakke om mental helse! Eg heier på alle som gjer det. Men vi må hugse at mental helse er meir enn berre diagnoser. Det handlar og om å snakke om naturlige reaksjoner, snakke sant om livet, om smerte og glede. Og det handlar om å søke hjelp når noko ikkje fungerer som det skal.
Eg syns og det er kjempeskummelt når eg ser, for eksempel på tik tok, sånne «Put a Finger Down – Mental Health Edition» der ein ramsar opp tilfeldig utvalgte symptom og så skal telle opp kor mange av symptoma ein har, og har ein så og så mange eller fleire kan det vere at ein har ADHD, depresjon, angstlidelse, OCD eller liknande diagnoser. Kanskje er det ein eller to som ser det som går ein tur til legen etterpå og får sjekka seg skikkelig, men ein del lar seg nok friste av sjøldiagnoserings-muligheten og definerer seg innanfor.

Eg er gammal nok til at eg forstår at om eg scorer høgt på ein slik utfordring, så har det mest sannsynlig med dagsforma mi å gjere, ikkje korleis det står til med mi mentale helse. Men eg er ganske sikker på at Liv-Helga på 14, 17, 19 eller 21 år ikkje ville vore der. Og derfor syns eg det er skremmande. For eg hadde heilt sikkert diagnosert meg sjølv med alle verdens bokstavar, men vore livredd for å gå til legen og få det bekrefta. Eg trur det er svært viktig at diagnoser er det folk som har kompetanse som skal stille, ikkje mennesker på sosiale medier.

Eg heier på influensere, som har noko godt på hjartet. Som snakkar sant om livet, enten det er om diagnoser eller sinnstemning. Som set ord på det vanskelige, som deler gleder, som løfter andre opp og som er seg sjølv. Men eg må seie eg har meir sansen for yrkestittelen: «Digital creator» enn influenser. Kanskje fordi det tar vekk noko av presset som influenser-begrepet har i seg. For du kan ikkje vere influenser om ingen følger deg.

Ja, eg ser at eg har blitt ei gammel tante. Men av og til kan jo gamle tanter har litt perspektiv på ting. Om eg har det rette perspektivet her, det kan no andre krangle om. Min konklusjon på tankerekka mi er at eg er svært takknemlig for at eg ikkje hadde mulighet til å bli influenser då eg var 17, og at eg er godt fornøgd med å vere ei ukjent, gammal tante som gjer så godt eg kan for at menneska eg har i livet mitt skal ha det godt. Og eg trur verda blir ein betre plass om vi kan snakke sant om heile livet og vise omsorg for kvarandre når det buttar imot, enten vi er influensere, hjernekirurger eller jobbar i kassa på lokalbutikken.
