Eg sat og sveipa meg gjennom TikTok. Ja, eg har TikTok. Eg har ikkje hatt mot til å filme meg sjølv. Eg kan jo ikkje danse. Ikkje kan eg lipsync heller. Så enn så lenge er eg ein kikkar.
Det er mykje artig på TikTok. Men en del seriøst og. Denne kvelden hadde det vore mest artig. Men plutselig kjem ein video opp. Ei nydelig jente sit på golvet og gret. Eg ser på tittel til videoen at ho er ti år. Ein vaksen kjem bort til jenta. Mellom hiksta får ho fram kvifor ho gret: «Eg kan døy på grunn av fargen på huda mi!» Den vaksne seier ingenting. Det er ingenting å seie. Han held jenta inn til seg. Å, eg gløymde visst å seie det. Jenta er svart.

Denne videoen har brent seg fast. Den knuste hjertet mitt. Det går så djupt. Eg kjenner skam over korleis menneske med min hudfarge har oppført seg. Det er på høg tid at det skjer ei endring. La meg vere heilt tydelig i kvar eg står: Eg står med dei som kjempar for å bli rekna som likeverdig. Svarte liv betyr noko. Black Lives Matter. Om du då må svare meg at All Lives Matter, eller at alle liv betyr noko, så får du gå ei runde til med deg sjølv. Kvifor har du problem med at å seie Black Lives Matter? Føler du deg trua? Greier du ikkje sjå at dei betyr noko?

Eg har sett mange som trur at ting starta med drapet på George Floyd. Men det stemmer ikkje. Det starta lenge før det. Det starta då nokre kvite immigranter tenkte det var heilt greit å importere menneske til å jobbe for seg, og gjorde dei til slavar fordi dei tenkte at pigmenta i huda deira gjorde dei mindre verd enn dei kvite. Det starta i 1619. Og fram til 1865 var det slik det var i USA. 246 år med slaveri. 246 år! Dei siste 250 000 slavane i Texas vart sett fri då nyhetene om konføderasjonens kollaps kom, 19.juni 1865. Dette er og bakgrunnen for feiringa av Juneteenth.

Men kva vart slavane sett fri til? Fekk dei land å bygge seg opp på? Fekk dei like vilkår som dei kvite? Nei, sjølvsagt fekk dei ikkje det. Medan kvite immigranter frå f.eks. Norge, fekk utdelt eit landstykke når dei kom til landet, så måtte dei som hadde jobba som slavar gjennom snart 250 år kjempe for alt. Og om dei lukkast, visste dei kvite å gjere det vanskelig for dei om dei ikkje beint fram øydela for dei. Berre google Rosewood og Tulsa så ser du kva eg meiner.
Dr. Martin Luther King Jr. har eit godt poeng i eit intervju eg såg for ei tid sidan – Dei svarte vart bedne om å dra seg sjølv opp etter støvelhempa. Men er det ikkje urimelig å be nokon som ikkje har støvlar om å dra seg sjølv opp etter nettopp støvelhempa?

Men det var altså forventninga. Og det tok ikkje lenge frå konføderasjonen hadde vorte tvinga til å sleppe slavane fri før verda fekk sjå at den kvite manns ondskap kjenner ingen grenser. Jim Crow – lovene vart til. Eller segregering vart oppretthalden. Kvit og farge skulle ikkje blandast. Og slik heldt ein på i godt 100 år! Først i 1964 og 1965 kom lovverk som knekte disse lovene – The Civil Rights Act og The Voting Rights Act. Vi snakkar no om 246 år med undertrykking. Og endå var det ikkje over. Kjærleik mellom svart og kvit vart ikkje lovleg før i 1967. Altså er det berre 53 år sida eg og min kjære lovleg kunne vere saman. 53 år. Alle mine søsken var fødd før det vart lovleg. Eg vil at du skal tenke på det. 53 år. Mine kvite amerikanske venner kan ikkje forstå at mine foreldre ikkje reagerer på at eg har valgt å vere i lag med ein mann med annen hudfarge. Akkurat som om det er hudfargen som avgjer kven denne mannen er.

Men at Jim Crow – lovene offisielt falt bort, betydde ikkje at det i praksis falt bort. Jo, skilta som viste segregeringa forsvann, men skillet i hovudet på dei kvite menneska som vaks opp var der fortsatt. Tanken om at å vere kvit var det samme som å vere meir verd låg djupt forankra i folkesjela til mange kvite. Vi har alle sett bildene av mennene i kvite kapper og spisse, kvite hetter. Dei er farlige, men dei som er endå meir farlege er dei som ikkje tek på seg kappa men som eig haldningane og verdiane som kappene står for. Dessverre er det mange av disse kvite som proklamerer seg som evangelisk kristne. At mennesker som seier dei tilber ein jøde som vaks opp i Israel/Palestina for ca.2000 år sida, og som heilt sikkert verken var blåøygd eller lys i huda, kan tenke tanken at dei på grunn av sin mangel på pigment skal vere meir verd enn dei som har meir, det er meg uforståeleg. Rasismen har djupe, djupe røter – og inn i kyrkjene. Og som kvit og kristen er det mi plikt å vite dette og KJEMPE mot dette!

Eg las ein artikkel om at som kvit er eg fødd rasist. For vi er fødd inn i eit rasistisk system. Det er alle disse småtinga som vi ikkje tenker over som er rasismens natur. Det er så vanskelig å oppdage, for som kvit så merkar vi det ikkje. At vi treng å påpeike at nokon har en annan hudfarge. At ein tenker at det ikkje er så ille å bruke n-ordet, for vi meiner jo ikkje noko negativt med det, det beskriv jo berre… Ein av tinga eg har lært frå min kjære er at det handlar ikkje om kva eg meiner. Det handlar om kva den som er mottakar av bodskapen forstår. Det handlar ikkje om min intensjon eller kva eg vil sei, det handlar om korleis det blir mottatt. N-ordet er så negativt lada, for dei aller, aller fleste, så om du krever din rett til å bruke det, då krever eg min rett til å kalle deg rasist.

Men det er 55 år sidan Jim Crow vart utdatert – likevel, i 2020 er det masse demonstrasjonar for at folk skal forstå at svarte liv har ein verdi. Folkens, kva er det som feilar oss?
I USA overtok fengsessystemet undertrykkinga av svarte. Å havne i fengsel betyr at du kan miste stemmeretten din. I nokre statar er det snakk om for ei periode, andre kan det vere på livstid. Misser du stemmeretten, misser du og ein viktig del av di påvirkningskraft.

I 2016 viste ein større undersøkelse at du i amerikanske fengsel fann 5 gongar så mange svarte insette som kvite. 5 gonger så mange. Eg vil våge å påstå at det handlar ikkje om at 5 gonger så mange svarte er kriminelle, det handlar om at svarte vert behandla annleis enn kvite. Eit klart eksempel på dette er sakene til Brock Turner og Cory Batey. Brock Turner var ein kvit symjar som gjekk på Stanford. Cory Batey var ein svart fotballspelar som gjekk på Vanderbilt. Begge var 19 år. Begge voldtok bevisstlause kvinner som det var gode bevis for i retten. Cory Batey fekk 15-25 års fengsel. Brock Turner fekk ein dom på 6 måneder, vart helden i varetekt i tre og slapp ut på grunn av god oppførsel. Eg var i USA då han var dømt. Berre nokre mil lenger nord. Argumentasjonen var at ein lang dom ville øydelegge ei lovande idrettskarriere. Same handling. Milevis i frå kvarandre i domfelling. Kva var forskjellen? Ein var kvit. Den andre svart. Dette er ikkje unikt i USA. Eg blir kvalm berre ved å tenke på at dette er realiteten.

Dette er grunnen til at det er mi plikt som kvit å lytte, å strebe etter å forstå, å strebe etter kunnskap og lære meir om kva dette handlar om, snakke om det eg har lært og stå på barrierene med dei som kjempar. Det er mi plikt å seie ifrå når det urett blir begått. Det er mi plikt å stå opp for det som er ein menneskerett!

Etter å ha vore saman med ein svart mann i over 3 år har eg lært mykje. Eg har lært mykje om kor lite eg forstod. Eg lærer framleis. Det er skremmande å vere svart i Amerika. Daglig møter ein farer som eg som kvit ikkje visste at var eit problem. Det er ingen som blir redd meg om eg går i hettegenser, eller ser litt morsk ut. Eg blir ikkje stempla ut frå korleis eg går kledd. Eg må ikkje seie hei og vere vennlig mot alle for at ingen skal oppfatte meg som skremmande. Eg treng ikkje vere redd for «Karen» som ringer politiet og fortel om at eg truar henne når eg går forbi henne på gata. Eg treng ikkje vere redd for politiet om dei kjem dit eg er… Det er tusenvis av disse småtinga som eg aldri har tenkt på. Det er del av det ein kallar kvitt privilegium.

Summen av disse småtinga er så enorm. Og det er vår feil. Vi som er kvite. Det er min feil om eg ikkje seier ifrå når eg ser urett blir begått. Det er min feil om eg er stille. Difor må eg seie frå. Ikkje ein gong. Ikkje to gonger. Men gong etter gong etter gong heilt til vi ser at vi er likestilte. Det er eit minimum at Black Lives Matter. DET SKAL NEMLIG IKKJE VERE SLIK AT EIN KAN DØY BERRE PÅ GRUNN AV HUDFARGEN SIN!
In English :
I COULD DIE FROM THE COLOR OF MY SKIN
I was swiping though TikTok. Yes, I am on TikTok. But I don’t have the courage to film myself. I can’t dance. I can’t lipsync. So for now, I’m just watching..
TikTok has a lot of fun videos. But some are serious. This particular night the fun factor was high. But all of a sudden a video pops up on my screen. A beautiful girl is sitting on the floor, grying. The caption tells me she is 10 years old. A grown up approches her. The girl sobs: «I could die from the color of my skin» The grown up doesn’t say anything. There is nothing to say. He just hugs the girl. Oh, I forlot to tell you. The girl is black.
This video made a huge impression on me. You can say it broke my heart. It goes so deep. I am so ashamed by the way white people has behaved. It is about time we change. And let me be perfectly clear: I will fight with those who need to be considered as equal. Black Lives Matter. If you have to answer me «All Lives Matter», look into yoursef and ask yourself why you have a problem with Black Lives Matter. Do you feel threatened? Or do you think black lives don’t matter?
I have noticed that a lot of people thinks things started by the murder of George Floyd. That is incorrect. Here is the very short Version. I would highly recommend you read up on this by yourself. It started way before that. It started when som white immigrants thought it was okay to imot People to work for them, and made them slaves because they thought their pigmentation made them less worth than white people. It started in 1619. And this was how it worked in the US until 1865. 246 years with slavery! 246 Years! June 19. 1865 did Texas release the last of the slaves upon learning about the collapse of the confederacy. The total number of slaves set free this day was 250.000. This is the reason black people in the US celebrate Juneteenth.
So, the slaves got their freedom. Did they get anything else? Did they get land to create a future? Did they get the same rights and opportunities as the white? Of course they didn’t. While white immigrants from countries like Norway got a piece of land just by making it to America, the people who worked as slaves for almost 250 years had to fight for everything. And if they succeded the white people made sure they made it hard for them, or flat out destroyed what they had buildt. Just look up Rosewood and Tulsa. You´ll see what I mean.
Dr. Martin Luther King Jr.is spot on in an interview I saw not long ago: » It’s all right to tell a man to lift himself by his own bootstraps, but it is cruel jest to say to a bootless man that he ought to lift himself by his own bootstraps»
This was the expectation. And it didn’t take long from the release of the slaves until the world once again could see that the white mans evilness has no limits. The Jim Crow-laws saw the light of Day. Or segregation was upheld. White and Black could not coexist. This was the way of life for about 100 years. In 1964 and 1965 The Civil Rights Act and The Voting Rights Act was enacted by the 88th and 89th United States Congress. We are now talking 246 years of oppression. And even with these laws in place, it was still not over. Love between a black person and a white person was not legal until 1967. That means that it is only 53 years ago since my relationship became legal. 53 years. All of my siblings were born before it was legal. Think about it for a while. 53 years. The most common question I have had to answer from my white American friends is: «What does your parents think about you dating a black man?» Like the color of his skin defines who he is as a person.
No more Jim Crow doesn’t mean the attitude and values dissapeared. Legally the segregation ended, but the segregation in the head of the white people growing up under these laws is still there. The idea of white skincolor making you more worth is deeply rooted in a lot of white people. We have all seen the people in white ropes and pointy, white hoods. They are dangerous, but even more dangerous are the ones that doesn’t dress in a robe but still owns the attitude and values this robes represent.
Unfortunatly a lot of these white supremasists proclaims that they are evangelical Christians. To me it is a riddle how people saying they worship a Jew growing up in Israel/Palestine about 2000 years ago, and most definetly didnt have blue eyes or light skin, can even think that someone is less worth just because of the color of their skin. The Racism har deep, deep roots – even in the Church. And it is my duty as white, and Christian, to know about this and FIGHT it!
I read an article that stated that as white I was born a racist. Because we are born into a racist system. It is all the small stuff that we don’t think about that creates racism. It is so hard to see, because as white we are not affected by it. It is stuff like telling someone has a different skincolor, instead of describing them as a person. Thinking the N-word is just a way of describing someone, we mean no harm…One of the things I have learned from my boyfriend is that it is not my intention that matters. It is not about what I want to say. It is about how it is recieved. The N-word is a very negative word for most of us, so if you clame your right to use it, I claim my right to call you a racist.
It is 55 years since Jim Crow should be history, still, in 2020, during a world wide pandemic, we have all these protest for Black Lives Matter. White people, what is wrong with us?
In the USA the prisonsystem and incarceration upheld the oppression of black people. Also known as mass incarceration. If you are convicted of a felony in the US you may lose your right to Vote. (Felony disenfranchisement) It varies from state to state if it is permanently or for a period of time. If you lose your right to vote, you also lose an important way to influence what happens in your country.
A Report from 2016, based on a Research by Ashley Nellos, a senior research analyse with the Sentencing Project, stated that black Americans were incarcerated 5 times more that white people. I have heard the gap is narrowing, but still, it is 5 times as many only 4 years ago. And I will be bold enough to say it is not that black people are five times as criminal as white people. I belive it is all about how black are treated different from white people.
A very good example of this is the case of Brock Turner and Cory Batey. Brock turner was a white swimmer studying at Stanford. Cory Batey was a black football player studying at Vanderbildt. Both were 19 years old. Both raped an uncontious woman. Both cases were well documented in court. There was no doubt. Corey Batey got 15-25 years in prison. Brock Turner got a 6 month sentence, was kept in custody for 3 months and was released after that based on good behavour. I was in the US when the case of Brock Turner basically got off. Living just miles north of him. The arguments in the news were about how a longer verdict would harm his future. What was the difference between the two cases? One was white. One was black. This is happening on a daily basis in the US. It makes me sick to think about it.
This is the reason it is my duty as a white person to listen, stribe to understand, stibe for more information and educate myself about what it is all about. It is my duty to talk about what I have learned and climb up on the barraicades and stand side by side with the ones fighting. It is my duty to speak up when there is injustice. It is my duty to stand up for the human right to matter!
Being in a relationship with a black man for over 3 years has taught me a lot. I have realized how little I know. I am still learning. It is scary to be black in America. Daily you could walk into situations I as a white person never would consider as a problem, just because I am white. Noone is afraid of me if I wear a hoodie, or look a little angry or have my thinking face on. I don’t have to be aware of my surroundings and say «Hi» and be polite and nice to everyone so they won’t consider me at theat. I don’t have to worry about «Karen» calling the police, telling them I am theratening her, just by walking by her. I do not have to be afraid when the police shows ut where I am… it is thousands of these small things that I have never thought about. It is part of what we call white privelige.
The sum of all these small things is gigantic! And it is our fault. And by ours I mean the white people. It is my fault if I don’t speak up at injustice. It is my fault if I stay silent. That is why I have to use my voice. Not once. Not twice. But time after time after time until we are considered equals! Black Lives Matter is a MINIMUM. You see, NOONE SHOULD DIE JUST BECAUSE OF THE COLOR OF THEIR SKIN!