Her om dagen fekk eg høyre at nokon eg kjenner har fått ein kronisk sjukdom. «Men han snakkar ikkje om det. Han vil ikkje at folk skal syns synd i han» vart det sagt. Eg forstår korleis han tenker. Eg forstår kvifor han tenker slik. Og sjølvsagt respekterer eg hans valg om å ikkje snakke om det. Likevel har eg blitt gåande å tenke på alt vi ikkje snakkar om det..
Då eg vaks opp var det vanlig å seie at nokon hadde problem med nervene når det var snakk om psykiske problem. Det var ein herlig sekkebetegnelse. Alt kunne skjulast i den. Det vart mindre farlig enn om nokon sleit med depresjon eller hadde bipolar lidelse eller rusproblematikk, for ikkje å snakke om tyngre psykiske lidelser som schizofreni. Det var i alle fall mindre krevande for dei som stod rundt, eller vart det egentlig meir krevande?
Vi har alle lært at vi ikkje skal seie noko om graviditet før vi har kome forbi 3 måneder på vei. For det kan så lett gå gale før det. Men når du er 2 måneder på vei med barnet du så inderlig ønsker deg, og det går gale – blir det ikkje sorga like stor som om du hadde vore 4 månader på veg?
28 mai hadde vi Menstrual Hygene Day. Snakk om noko vi helst ikkje snakkar om. Mensen. Noko bortimot alle kvinner i fruktbar alder må handtere ein gong i månaden. Humørsvingninger, smerter, kramper og blødning. Det er ganske heftig å handtere til tider. Men snakke om det, det er farlig.
Vi lærer tidlig å ikkje snakke om enkelte ting. Det tek lang tid for nokon som blir mobba å våge å seie at det faktisk er det som skjer. Det er vanskelig når du er barn, og kanskje endå vanskeligere som voksen. Sjølv om det er mange som blir det. Kvifor er det slik? Kvifor er det så vanskelig, og skamfullt, å fortelle at nokon behandlar deg dårlig? Burde det ikkje vore den andre som skamma seg?
Det samme gjelder rasisme. Vi skal ikkje snakke om det. Å seie at nokon seier noko rasistisk får piggane veldig ut. Særlig hos oss som er kvite. Kvifor er det slik? Kvifor kan vi ikkje snakke om det slik at vi kan auke forståelsen av kva som er greit og kva som ikkje er det?
Og så har du vold, overgrep og seksuell trakassering. Å skulle åpne opp om slikt er ufattelig vanskelig. Å seie at det som vart gjort mot ein på julebordet ikkje var greit, krever så altfor masse. Å innrømme at det faktisk ikkje er greit heime, sit djupt. Å seie at det var så ufattelig vondt når eit nei vart ignorert, er så vanskelig. Det er så vondt å seie at ein er blitt knust av det som skjedde.
Lista over ting vi ikkje snakkar om er ofte lang. Men ein ting er felles for det meste av det. Det er ikkje din feil. Det er ikkje din feil om du får ein kronisk sjukdom. Det er ikkje din feil om du blir psykisk sjuk. Det er ikkje din feil om du opplever ein spontanabort. Det er ikkje din feil at du er kvinne, og får mensen kvar månad. Det er ikkje din feil om du blir mobba. Det er ikkje din feil at du har blitt født inn i ein kropp med den hudfargen du har. Det er ikkje din feil om du blir utsatt for vold, overgrep eller trakassering.
Når vi ikkje snakkar om det, så skaper vi tabu. Vi opplever at når nokon snakkar om det dei opplever, så kategoriserer vi dei som modige. Kvifor må du vere modig for å fortelle om noko du ikkje kan noko for sjølv?
Vi treng å pulverisere tabua våre. Vi må snakke om det som gjer oss ukomfortable. Vi må sette ord på kva som gjer vondt eller er utfordrande. Ved å ikkje sette ord på det skaper vi lukka rom inne i oss, som fylles med smerte og sjølvforrakt. Vi blir åleine i det. Og vi tvingar andre til å vere åleine i sin smerte. Vi vender skulda for det vi ikkje kan noko for, inn mot oss sjølve. Når vi set ord på det, åpner vi opp. Vi gir mulighet til at sår blir rensa. Vi åpner opp for at skam og skuld blir fjerna.
Ta MeToo-kampanjen som eksempel. Eg har visst lenge at eg knapt kjenner kvinner som ikkje på eit eller anna tidspunkt i livet har fått uønska, seksuelt lada tilnærming. Eg kjenner mange menn som og har opplevd det. Eg veit kor lett det er å trø over grenser. Men MeToo åpna opp for at ein fikk seie fra om at eg og har opplevd det. Du er ikkje åleine. Det er ikkje deg det er noko gale med.
Ja, og så var det ein del som har vorte nøydd til å gå i seg sjølv og tenke gjennom om måten dei har handla på er ok. Nokre har fått bedt om tilgivelse for det dei sjølve ikkje såg på som alvorleg, men som dei i ettertid har forstått at var over streken. Nokre meiner ein tek heile moroa ut av ting. Men er det moro vi vil ha når det ikkje er moro for alle?
Vi må framleis jobbe med å skape den kulturen vi vil ha. Vi må framleis snakke om det. Men ved å åpne opp, kan vi skape dialogen som dette treng. Ukultur tek tid og arbeid å luke vekk. Men det forsvinn aldri om vi ikkje snakkar om det.
No er det ikkje slik at vi treng å snakke med alle om alt. Det er delar av mi historie som er på «nødvendig å vite»-lista. Det er dei som treng å vite noko om det, som skal vite noko om det. Men det er viktig at dei faktisk får den delen av mi historie.
Eg trur at å sette ord på ting kan løyse mange problem. Eg trur at å snakke sant om livet er viktig. Når vi ikkje set ord på ting, så blir det som eit puslespill der bitene ikkje passar heilt sammen. Og om du begynner å pynte på puslespillbitene, så blir ikkje bildet riktig – og ein vil alltid kjempe for å fikse det – ein kamp som hadde vore unødvendig om ein berre la ting der det høyrde heime.
Så eg trur dagens oppfordring frå meg er: Snakk om det. Og, ikkje minst, snakk sant om det.
In English:
The other day I got the news that someone I know got the diagnosis of a chronic disease. «But he doesn’t talk about it because he don’t like when people feel sorry for him.» I understand how he thinks. I understand why he think like this. I respect his choice to do it his way. Still, it bothers me that there are so many things we don’t talk about.
Growing up it was normal to say that people had trouble with their nerves if they had mental problems. It was this great way of not dealing with the actual diagnoses, and you could basically use it about any kind of problem. It was less invasive than saying someone was battling depression, bipolar disorder or drugproblems, not to talk about schizophrenia or other more challenging diagnoses. At least it was less problematic for the people close to the one with the problem, or was it really?
We have all learned that you should not announce a pregnancy until you are past the first 3 month. Because it is a higher risk of miscarriage in this phase of the pregnancy. But if you miscarry when you are 2 months pregnant with the child you’ve been longing for, will your grief be less painful than if something goes wrong when you are 4 months pregnant?
May 28 is the Menstrual Hygene Day. That is one thing we do not talk about. Our period. Practically every woman, between ages 13 to 50, plus minus some years, on the planet has to handle this once a month. Mood swings, pain, cramps and bleedings. Sometimes it is a real challenge. But to talk about it, is «dangerous».
We learn at an early age to not talk about certain things. It takes a long time for someone who is bullied to be able to talk about what is actually going on. It is hard when you are a kid, but even harder when you are a grown up. Even if a lot of people experience this. Why is it so hard? Why should it be shameful for you to tell that someone else is treating you bad? Shouldn’t it be the other way around?
The same thing goes for racism. We are not supposed to talk about it. To say that someone is saying something racist, makes a lot of people angry. Especially white people. Why is that? Why can’t we talk about it so that we can raise awareness of what is and what is not ok to say? And why should I as a white person define what is ok to hear for someone that has a different skin color?
And then you have violence, abuse and sexual harassment. To open up about this is incredible hard. To put in to words that what happened at the Christmas party wasn’t ok, is taking a lot from you. To tell someone it is not ok at home, is really hard. To admit that it hurts like hell that the «no» you said was not enough, is extremely difficult. It hurts so much to admit that you are broken by what happened.
The list over things we just don’t talk about is long. But there is one thing all of the things on the list have in common. It is not your fault. It is not your fault that you got a chronic disease. It is not your fault that you got a mental disorder. It is not your fault that you experienced a miscarriage. It is not your fault that you are a woman, and have to deal with your period every month. It is not your fault if someone is bullying you. It is not your fault that you are born in your body, and got the skin color you got. It is not your fault if you are a victim of violence, abuse or sexual harassment.
When we don’t talk about it, we create a taboos. When someone speaks up, we tend to characterise them as brave. (and they are) Why should you have to be brave to talk about something that is not your fault?
We need to shatter our taboos. We need to talk about what makes us uncomfortable. We need to put in to words what hurts us or what is challenging to deal with. If we don’t talk about it, we create rooms inside ourselves, and fills it up with pain and self loathing. We stand there alone. And we force others to stand alone in their pain too. We blame ourselves, even if it’s not our fault. If we start talking, we open up. We open the possibility of wounds getting the proper care. We open the possibility of shame and blame to be removed.
MeToo is a good example. I have known for a long time that most woman I know at some point in her life has experienced unwanted sexually attention. I know a lot of men who has the same experience. I know how easy it is to step over someones boundaries. MeToo opened the possibility to say that I have a similar experience. You are not alone. You are not to blame for what happened to you.
Some people have been forced to think twice, and to evaluate if what they did was ok. Some has asked forgiveness for something they realised that was wrong, even if they didn’t mean anything by it. Some think this takes the fun out of it. But do we want this kind of fun, if it is not fun for all?
We still have to work to make the culture we want. We have to talk about it. When we open up, we can get the dialog that this needs. Bad behaviour patterns in a culture takes time and effort to remove. But it will never go away if we don’t talk about it.
Just to be clear, it is not all we need to talk about to everyone. There are parts of my history that is on «need to know»-basis. That means that there are people that need to know, and it is important that they know. But it is not for all the world to know.
I think putting things into words, can solve a lot of problems. I believe it is important to speak the truth about life. If we don’t talk about it, it is like a jigsaw puzzle where you can’t make the pieces fit. If you start to alter the pieces, to make them fit, the picture will be wrong. And you will always struggle to fix it, a struggle that is totally unnecessary if you just put the pieces where they belong.
So todays challenge is: Talk about it. And, don’t forget, tell the truth.
Veldig fin tekst!
Viss ein snakkar om det likevel, så kan ein bidra til å bryte ned fordommar. Det er i alle fall mi erfaring: «Oi, og så har du greidd å …» Eller: «Har DU det? Det merkast ikkje». Eller «Og likevel kan du fungere på jobb?» Då har gjerne folk ei forestilling utfrå kva som kjem fram i media, der dei mest uttalte eller spesielle tilfella blir vist, eller frå andre som er så hardt ramma, at det ikkje er til å leggje skjul på enten det er snakka om eller ei.
Viss ein snakkar om det likevel, er det etterkvart fleire som snakkar om «det ein ikkje snakkar om». Då kjem det fram ein del triste historier, som kanskje er godt å dele med nokon.
Viss ein snakkar om det, slepp ein å lure på kva andre tenkjer og veit eller trur at dei veit. Det blir litt mindre mystisk enn «noko med nervane»
Det var litt tankar frå meg. Trur eg skal skrive ein eigen tekst. Takk for inspirasjon.
LikarLikar