Tenk om du tar feil

Å tru er ingen spøk. Vi trur på så mange ting. Nokre trur på Allah, andre på Gud. Nokre trur på livsfilosofier, mens andre syns det er vanskelig å tru på noko som helst. Nokre vel å utnytte at andre trur og lurer dei trill rundt for egen vinning. Nokon trur så sterkt at dei godtar alt utan nokon form for kildekritikk.

 Kva om det du trur på er feil?

Eg har tenkt masse på dette sidan i haust. Vi hadde ei forelesning der vi kom inn på dette med bibeltroskap, og korleis det bokstavtro var så viktig for enkelte. Eg har nokre eg kjenner som nesten alltid kjem med sure oppstøt når eg meiner noko, og begrunner det med at «Bibelen seier…»

Jo meir teologi eg har lært, jo meir går det opp for meg at det er kompliserte greier. Bibelen er full av motsetninger og paradoks. Korleis du forstår den handlar om kva slags briller du les det med.

For meg har disse motsetningene blitt trusstyrkande, for det at eg ikkje greier å forstå Gud gjer at eg greier å tru at Gud nettopp er Gud. Det gjer også at eg kan være åpen for at eg må justere mi forståing av korleis verda heng saman.

Dersom mi tru ikkje tåler at ting blir sett spørsmål ved, slik at eg kan gå inn og undre meg, stille spørsmål, virkelig sjå ting frå ulike vinkler, så er det kanskje ikkje noko eg skal fortsette å tru på. Eg trur at mange er redd for å stille slike spørsmål, for tenk om det eg trur på er feil? Kva skjer hvis eg begynner å dra i ein tråd, og så raknar heile greia? Ein må ta imot seg sjølv med nåde når ting raknar. Det er ikkje enkelt når verdensbildet slår sprekker, og ein oppdagar at det ein alltid har sagt og stått for ikkje held vatn. Det er rett og slett vondt. Det er ofte enklare å tviholde på det som var, enn å innrømme at det var feil.

sdr

Eg trur dette kan overføres til det som skjer ellers i verda i dag. Vi ser frontar som ropar mot kvarandre, og prøver å overbevise kvarandre gjennom både logisk argumentasjon, sensur og maktbruk. Vi ser historia gjenta seg, og mange av oss er redde. 

Eg såg filmen om Quisling denne helga. Det som slår meg sterkast er at han var så overbevist om at han hadde gjort det som var rett. Og det er det vi ofte gløymer i møte med meiningsmotstandarane våre. Dei trur dei har rett. Dei er overbevist om at dei har rett. Akkurat slik som eg er overbevist om at eg har rett..

Kanskje må vi oppmuntre kvarandre til å utforske meir kva vi trur på, gå litt veg saman og utforske i lag. I staden for å møte folk med  latterliggjøring og «det var jo det eg sa!», heller strekke ut ei hand til dei som kjenner at verdensbildet knuses når ein begynner å grave. Eg trur at det kan vere ein start på å rive ned nokre murer og heller bygge lenger bord, slik at fellesskapet vi lever i blir varmt og inkluderande. 

Kommenter innlegget