Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
(Olav H. Hauge)

Det var hausten 1996. Eg hadde kome med nattbuss til Tigerstaden. Eg hadde funne vegen til Staffeldsgate 4. Heisen stod, heismontørane streika, kofferten var så tung at eg knapt greidde å rikke den og eg skulle bu i 5.etasje det neste året. Eg åpna kofferten og bar opp kle, sko og toalettsaker i mindre porsjonar før eg drog med den store kofferten opp alle trappene.

Rommet var så mykje mindre enn eg var forberedt på, eg kjente ingen og trudde eg var den einaste som følte meg så fortapt og åleine. Eg ville berre heim igjen. Heldigvis var det nokon som helste på meg, og slik starta året mitt på bibelskulen i Staffeldsgate. Eg skulle berre vere i Oslo eitt år, og så skulle eg til Bergen. Men det eine året eg gikk på bibelskulen samarbeida dei med MF (Menighetsfakultetet) om kristendom grunnfag, ikkje NLA i Bergen slik dei hadde gjort før, og som dei fortsette med året etter eg gikk der… og slik enda eg opp med 6 år i Oslo, ein by som framleis har ein spesiell plass i hjartet mitt.
Eg vart på MF. Eg hang med prestespirer. Eg våga ikkje seie til nokon at eigentleg hadde eg og lyst å gje laust på teologien. Alt eg såg på den vegen var tre store hinder: Gresk. Hebraisk. Begravelse.

Ikkje var eg nokon god student heller. Eg er eit pose, sekk, handveske og bærepose-menneske. Eg vil ha med meg alt. Det vart på eit tidspunkt så mykje i tillegg til studiene at eg strauk på eksamen. Det var riktig nok ExPhil og ExFac, men det var like fullt eksamen… Men eg var med i fengselsarbeid, baka boller for bollekompaniet, var aktiv i menigheten eg gikk i, hadde eit svært sosialt liv, hadde jobb ved sida av og tok mellomfag samtidig..

Eg misunnte i det stille dei som våga å ta teologi, og overbeviste meg sjølv om at eg ville bli kateket i staden.. Eg enda til slutt opp som menighetspedagog. Det var heilt greitt det, men eg kjente jo framleis på at det hadde vore fint om eg hadde våga å ta spranget den gongen då eg hadde sjansen… etter kvart som åra gjekk, og eg hadde full jobb, huslån og andre forpliktingar var det ikkje å tenke på å bli student igjen.. Eg var jo åleine, og då er ein avhengig av stabil inntekt…

Så fekk eg sjansen til å reise ut i verda. Til andre sida av jordkloden. 5 vidunderlige år vart det i San Francisco. Ja, eg gjorde som i sangen og la igjen hjertet der. På grunn av litt visumtrøbbel kom ein sommarvikar for seint og eg måtte holde gudstjenesta. Det kjentes så riktig. «Vi treng ikkje sommarvikar når vi har deg» sa ei frå menigheten. Den stakk djupt. Det var som draumen som eg hadde pakka inn i silkepapir og brukt fine band rundt, slik at eg ikkje skulle bli minna på den, sprengte seg gjennom papiret og kom til syne igjen.
Nokre memorial services vart det også. Og eg oppdaga at det å vere med menneske som opplever sine tyngste dagar ikkje er så skummelt som eg trudde. Det er i faktisk veldig fint å kunne få vere der for nokon som har det tøft.

Så bar det til Gran Canaria. Her var eg tilbake i det eg var utdanna til. Eg elskar konfirmantar. Men eg lika dei andre også. Det var kjekt å snakke med damene på basargruppa, eller bruke tid saman med familiene. Draumen pirka stadig borti meg. Så eg begynte å undersøke om kva som skulle til. Svara var svært ulike frå dei forskjellige utdanningsinstitusjonane. Men ein ting var dei enige om: du kan ikkje ta det medan du er i utlandet. Og kva skulle vel eg gjere i Norge?? Det kjentes som uansett kva eg gjorde så ville det ikkje legge seg til rette for at eg skulle kunne bli prest. Eg la det i ei skuff og prøvde å gløyme det.

Så kom Korona og eg satt med portforbud og begynte å lese om utdanningstilbod på nett og deltid. Eg enda på ein master i verdibasert ledelese. Ei utdanning som har gitt meg mykje og eg håpar den har gjort meg klokare. Masteroppgåva vart levert 15.mai, om den var god nok til å få bestå gjenstår å sjå. Men medan eg heldt på med dette, åpna ein for erfaringsbasert prest på MF – ei utdanning som kunne gi sånne som meg ei mulighet til å komme inn i presteyrket.

Dei siste fire åra har eg vore i Nederland. Stadig kom spørsmålet: «det er du som er presten her?» Det pirka i meg kvar gong, draumen om å kunne svare «ja». I Benelux-modellen var det ein prest på tre land. Det er å smøre litt tynt på. I og med at eg var menighetspedagog vart det til at eg bidrog mykje i gudstjenestene og i konfirmantarbeidet, og eg har hatt mykje samtaler med folk i ulike livssituasjonar. Nokre gudstjenester måtte eg ha åleine. Stadig fleire har spurt «Kvifor er du ikkje prest?» og sagt ting som «Du burde bli prest!». Det har bekrefta det eg har kjent meir og meir på dei siste åra: At eg måtte prøve ein siste gong..

Så eg sendte ein mail til ein venn som var prost. Han skulle slutte, men ba om å få CV-en. Og så ein dag fekk eg ein e-post frå ein prost i Nord Norge, og plutselig begynte ballen å rulle..
For nokre veker sidan var eg i Bodø på jobbintervju. Medan eg var inne på intervjuet kom meldinga om at eg hadde fått studieplassen eg måtte ha for å få stillinga. Det var som om Vår Herre sa: «No er tida komen. Det er dette du skal.»
I går fekk eg tilsettingsbrev. Og i går ettermiddag gjorde eg det skumleste eg har gjort på lenge: eg sa opp jobben min i Sjømannskirken og takka ja til ein ny jobb som prest under utdanning i Norge.

Eg hadde aldri tenkt at eg skulle ende opp på ei lita øy på Helgelandskysten, men det blir dit eg skal når det blir haust. Det er både spennande og skummelt. Eg som har budd over halve livet i by, og som elskar by-livet, skal flytte til eit lite bygdesamfunn. Eg skal forlate noko kjent og kjært, og mange menneske eg har blitt så glad i her i Nederland og bygge eit nytt liv på ein ny plass der eg ikkje kjenner nokon. Men til tross for sorga over å måtte reise frå noko, så kjenner eg på ei glede over at endeleg har dørene opna seg, på vidt gap.

Eg trur at dørene har opna seg på akkurat riktig tidspunkt, og ikkje minst trur eg at eg har fått med meg viktig og riktig ballast på veien hit. Eg kjenner på takksemd for alle erfaringane og den lange seilasen eg har vore på før eg no skal segle inn i denne nye vågen. Eg kjenner på spenning over kvifor det var akkurat denne vågen som skulle opne for at draumen min skulle bli realitet. Akkurat no er eg mest spent på kva alt det vidunderlige som skal skje er – for eg er heilt sikker: det blir vidunderleg!
