Tankar på påskeafta – om Matteus, Bach, Jesus og Judas

I går var eg på Matteuspasjonen i Pieterskerk i Leiden. Fantastiske sangere og musikere fylte rommet med ei musikalsk framstilling av påskefortellinga frå Jesu besøk i Betania hos Simon den spedalske til langfredagsnatta. 

Musikk er eit språk alle kan forstå. Musikk er så mektig at ein ikkje trenger å forstå alle orda. Musikk rører ved hjartet, ja, det kan gripe langt inn i sjela. Slik var det for meg i går, der eg sat med eit program på to språk eg forstår berre delvis. Men kombinert med litt over middels bibelskunnskap og musikk som berørte djupt der inne, ga det påskebodskapet endå ein dimensjon.

I teksten i Matteuspasjonen spør Jesus Judas når han kjem til Getsemane og kysser han:

«Mein Freund, warum bist du komen?»

Min ven, kvifor har du kome? 

I 2024 oversettelsen av Matt. 26,50 står det: «Min ven, no har du gjort ditt!». I konfirmasjonsbibelen min står det «gjer det du er komen for, venen min» og i fotnoten står det at det kan og forståast som eit spørsmål slik som i Matteuspasjonen. 

Dette greip meg så hardt at eg ikkje har greidd å sleppe det. Sjølv då Judas stod der, med det ultimate sviket, velger Jesus likevel å tiltale ham som venn. Jesus visste kva Judas gjorde. Likevel blei Judas møtt med nåden som ligg i dette vesle begrepet «venn». I denne korte setninga vert Judas møtt med nåde, men også med den brutale sanninga om seg sjølv. I denne vesle setninga åpna Jesus opp for å få gi Judas tilgivelse for det han hadde gjort. Men Judas tar ikkje imot. 

Nokre gonger er det så mykje skam og smerte i det vi har gjort, at tilgivelsen nesten er umulig å ta imot. Men det betyr ikkje at det er det. Jesus kallar meg venn. Han kallar deg venn. Uansett kor mange feil valg vi har tatt. Nåden er ikkje fortjent. Det er derfor det heiter nåde. Og er det noko eg veit eg treng, så er det nåden.

Mi mor skreiv dikt. Eg er stolt av dikta ho skreiv. Eitt av dikta dukka opp igjen i bevisstheta mi etter mitt møte med Jesus og Judas i Pieterskerk i Leiden i går. Det heiter Påskedag:

Gjev meg ein påskedag, Herre eg bed:

Gjev meg ein påskedag!

Langfredagsnatta tyngjer meg ned,

Gjev meg ein påskedag!

Når eg slett ikkje kan ordet ditt tru, 

når eg for augo ser lading og gru,

møt meg i tvilen, løys gåtene, du!

Gjev meg ein påskedag!

Gjev meg ein påskedag, Herre, eg bed:

Gjev meg ein påskedag!

Møte meg i Ordet og gjev meg din fred!

Gjev meg ein påskedag!

Lat meg erfare du levande er!

Lat meg få kjenne at du er meg nær,

trass i alt sviket mitt har du meg kjær.

Gjev meg ein påskedag!

Takk for din påskedags solrenningsstund!

Takk for din påskedag!

Takk for det livergingsord frå din munn!

Takk for din påskedag!

Takk for at eingong skal eg få sjå

Ordet ditt alltid er litande på!

Du gjev meg kraft så eg Himlen kan nå.

Takk for din påskedag!

(Laura Marie Fure)

Kommenter innlegget