2023 har vore eit innhaldsrikt år. For meg har det vore eit todelt år. Før 2. mai, og etter 2. mai.
Før 2. mai var det både tur heimom (og klipte håret), til Oslo, til Spania og Gibraltar. Eg var i Antwerpen, Brussel, Amsterdam og fekk til og med ein tur til London med konfirmanter. Eg var på museum, på blomster-fest, feira kongens dag og hadde det i grunnen ganske okay. 2022 fekk eg puslespel til jul. Nattens dronning av Lisa Aisato som puslespel. Det er blått. Eg likar ikkje å legge puslespel. Om du blir med mot slutten vil du få sjå korleis det har gått..





























Eg har skrive om det før, så eg skal ikkje gjenta det. Men andre mai stoppa tida opp, mamma pusta ut for siste gong og plutselig var ingenting som før. Livet går vidare, det vart 17.mai i år og. Eg fekk ei innholdsrik pinsehelg med konfirmasjoner på 3 plassar, og mellom nummer 2 og 3 vart det plutselig ein fantastisk konsert i Brussel med ingen ringere enn Karpe! Sorgen går som kjent i bølger, og sommerferien vart sjølvsagt prega av dette. Men eg fekk også ei litt lenger heimreise, der eg fekk besøke gode venner i Danmark og Sverige, og i Norge fekk eg fylle tida med mine menneske. Eg fekk ikkje mala huset, men inngangspartiet og uteplassen fekk eg friska opp. Og sorg og glede vandrer sammen – under ein månad etter at mamma gjekk ut av tida, kom det nyaste medlemmet i familien til verden.









































Sommaren heime vart litt kort, eg må innrømme det. Men antallet norgesdager kombinert med studier i Oslo legg rammene. Så halve sommaren var eg i Nederland, på jobb. Det var fint det og. Det vart ikkje berre jobb, eg fekk med meg både konsert, sykkelfest og tur til Stavoren. Og kva er vel deiligere på ein varm og fin sommerdag enn å ligge i ein sakkosekk i ein liten båt medan nokon andre sit ved roret? Det er ikkje feil med lunsj på stranda i Den Haag heller. Då haustsemesteret starta fekk vi med oss utekino ved katedralen i Delft også.














Haustsemesteret har hatt mykje å by på det og.
I fjor vann eg overnattinga på SS Rotterdam på julebasaren. Så den måtte jo brukast. Masterstudiene har gått over i ny fase, men masteroppgåve som skal skrivast, og det er ikkje like lett når ein har full jobb. Men eg har fått nokre pauser med gode venner, og då planen om ferietur gjekk i vasken kom det ein pakke frå Tyrkia…




























Ein pakke frå Tyrkia, frå nokon som tenkte på meg, skulle gje meg ein mykje bedre ferietur enn eg hadde tenkt. Eg fekk både jobbe med oppgåve, oppleve noko nytt og vere saman med gode venner. Er det ikkje rart korleis dører kan lukke seg og så åpnar det seg eit nytt eventyr? Eg hadde ikkje trudd ved inngangen til 2023 at eg skulle gå meg ein tur på Silkeveien, men det har eg faktisk gjort. Og eg har vore på ein innsjø inne i fjellet. Og eg har fått møte mennesker som har satt gode, djupe spor i livet mitt.










Nokre gonger får ein slike vitamininnsprøytingar. Eg skulle ynskje at eg kunne sagt at driven på oppgåva var like god etter eg kom tilbake til Rotterdam, men livet tok meg – og det har vore ein morsom, men travel desember på jobb. Eg diggar jobben min. Meir variert og fleksibel jobb kan ein ikkje få, og eg likar menneske.


























2. juledag stod eg opp før fuglane pissa og reiste heim til familien på Stadt. Det var godt å få avslutte året på denne måten. Eg fikk til og med klipt meg igjen! Det er lett å gløyme kor heldig ein er som har venner og familie som bryr seg og som vil ha deg i livet. Eg er så takknemlig for alle eg har møtt i 2023, for alle eg har fått lov å vere glad i, for alle eg har fått lov å bli glad i. Eg er så takknemlig for alle som har utfordra meg og fått meg til å tenke nytt, for dei som har stilt spørsmål som har gitt meg mulighet til å tenke gjennom ting ein gong til. Eg er så takknemlig for alle klemmer, smil, latterkuler, tårer, omsorgsfulle blikk, berøringer og ord. Eg er så takknemlig for deg som har berørt meg i 2023. Og mest av alt er eg så takknemlig for at eg har fått dette livet, som er så fylt til randen av gode menneske og opplevingar. Eg er kanskje ikkje rik på gull og gods, men du verden, når hjertet veks ut av brystet på meg av glede over alle eg er glad i – då kjenner eg at eg er verdas rikaste menneske!







Jula har vore fin. Eg har fått feira med folk eg bryr meg om i Rotterdam, Wateringen, Antwerpen og på Stadt. Det kjennes at hjertet ligg igjen mange plassar. Og eg likar ikkje avskjeder. Dei må dessverre til om ein vil vidare, men ein kan omdøype dei til «på gjensyn!».
Eg gledar meg i alle fall til alle menneskene eg skal møte i 2024. Måtte det bli eit godt og fredfylt år for oss alle!